Hopp til innhold

– Den som ropar høgast får orkanhjelp først

Dei står utan fast bustad etter orkanen Dagmar. Det er vondt for dei å sjå at forsikringsselskap prioriterer skadar på båtar og campingvogner før bustaden deira. Over ei veke etter orkanen har dei enno ikkje fått besøk av forsikringsselskapet.

Jan Erik Mathisen

Jan Erik Mathisen ventar på å få starte prosessen med å byggje opp att heimen sin. Ei veke etter orkanen har han enno ikkje fått besøk av forsikringsselskapet.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Familien bur i sentrum av Stordal i Møre og Romsdal. Då Dagmar herja i området losna takterrassen på eit nabobygg. Materiala frå takterrassen bles tvers over gata, og inn i husværet til familien. No er det 2. januar, og dei har enno ikkje hatt besøk av forsikringsselskapet.

Hus i Stordal etter Dagmars herjinger

Slik ser det framleis ut i heimen til familien i Stordal etter orkanen første juledag.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK
Glassbiter over hele gulvet i Stordal

Det er glasbitar over alt.

Foto: Sara Louise Roaldseth / NRK
Glassbiter over alt

Det blei rett og slett farleg å vere i huset då Dagmar herja i Stordal.

Foto: Sara Louise Roaldseth / NRK
Dagmar Stordal takterrasse

Takterrassen frå nabohuset kom inn gjennom vindauga.

Foto: Privat
Dagmar storm Stordal

Takterrassen bles av Samvirkelagsbygget i Stordal.

Foto: Privat
Båt på land Stordal Dagmar

Mange båtar har fått store skadar i Stordal.

Foto: Arild Pettersen / NRK

No tykkjer eg rett og slett at det går for treigt, seier Jan Erik Mathiesen.

– Det var farleg

Familien har venta i meir enn ei veke på å få besøk av takstfolk. I mellomtida får dei ikkje starte på gjenoppbygginga. Huset er forsikra av selskapet til Sparebank 1. Huset blei rasert forholdsvis tidleg på kvelden første juledag.

Vi hadde spist middag. Yngstejenta var ikkje heilt ferdig å ete. Eg var på kjøkenet for å hente meir mandelpotetar, og då høyrde eg smellen. Inne i stova sat to små jenter og skreik. Eg ropte berre at vi måtte ta med oss jentene vekk. Det var farleg å vere det, seier Mathiesen.

– Å misse heimen er noko av det verste

Det er mykje skade på skog, terreng, båtar, hus og hytter i området. Likevel er det ikkje så mange som har totalt ubeboelege heimar etter orkanen Dagmar. Ut frå dette hadde Mathiesen venta at forsikringsselskapet skulle skjøne situasjonen deira, og at dei vil setje i gang prosessen for å kunne flytte heim så snøgt som råd.

Eg skjønar at det ikkje berre er vi som har fått skadar etter orkanen. Men det spørst om det ikkje burde ha vore ei slags prioritering når folk står utan bustad. Eg meiner bustad til folk bør prioriterast før garasjar og campingvogner. Det er trist nok å miste slikt også. Men det betyr mindre å få knust ei rute på ein bil i forhold til å miste heimen sin, seier Mathiesen.

– Vi har mykje å gjere

Sparebank1 tek ikkje umiddelbart kritikk etter det som har skjedd. I staden bed forsikringsselskapet familien ha forståing for at ting tek tid. Fagsjef for skadeførebygging, Fred Nilsen i Sparebank 1, seier dei har mykje å gjere for tida.

Eg trur at takstapparatet har mykje å halde på med. Dermed har dei definert det slik at det ikkje er så farleg med denne bygningen som allereie er sikra. Det er mykje anna som ikkje er sikra enno. Eg trur også at reparasjonskapasiteten i området ikkje er tilstrekkeleg i området til at det er mogleg å setje inn nye vindauge på kort tid, seier Fred Nilsen.

– Skal vere på pletten

Det er Finansklagenemnda som overvakar om forsikringsselskapa behandlar kundane sine på rette måten. Dei meiner at forsikringsselskapa skal prioritere folk som har fått øydelagt heimane sine under orkanen.

Det prekære i desse sakene gjer at forsikringsselskapa må vere raske og behandle sakene på ein kjapp måte. Vi skal ha forståing for at selskapa i ein innleiande fase ikkje har fullt oversyn over omfanget av skadane. Men vi må kunne krevje at dei er på pletten, og også delbetalar skadeerstatning etter kvart, seier seniorrådgjevar Pål Bjønnes i Finansklagenemnda.

– Risikerer feil bruk av takstfolk

Fred Nilsen i Sparebank 1 seier at det kan oppstå situasjonar der garasjar og campingvogner blir prioriterte før skader på bustader.

Det spørst ofte kva dei som melder inn skaden fortel til oss når dei ringjer. Enkelte skadar kan opplevast som dramatisk når folk ringjer til oss. Av og til er dei ikkje det. Av og til oppfattar takstfolka at skaden er så stor at dei må reise ut. Sånn sett risikerer vi at takstkapasiteten ikkje alltid blir brukt på rett måte, seier Nilsen.

– Dei som ropar høgast får hjelp

Jan Erik Mathiesen reagerer på dette, og stiller spørsmål ved om det er den som ropar høgast som lettast får hjelp.

Då er det vel slik at den som hylar høgast får hjelp først. Det er kanskje slik at eg ikkje har ropt høgt nok. Vi prioriterte å sikre bygget. Vi gjorde dette for å ta vare på det vi hadde og for å berge bygget. Hadde alt blåse ned hadde dei vore nøydde til å kome, seier Mathisen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL