Hopp til innhold

– Må bli betre til neste storm

Fylkesmann Lodve Solholm seier det var kritisk at mange i Møre og Romsdal var lenge utan straum og telefon etter orkanen i jula. Seinare i januar blir det møte om beredskapen i fylket slik at situasjonen blir betre til neste storm.

Lodve Solholm

KRITISK: Fylkesmann Lodve Solholm seier mykje må bli betre til neste storm.

Foto: Håvard Ketil Sporsheim / NRK

Dagmar herja Syvde

HERJA: Dagmar herja stygt i Møre og Romsdal. Her frå Syvde.

Foto: Remi Sagen / NRK

Jula 2011 blei alt anna enn roleg på Vestlandet. Både menneske, hus, skog, båtar fekk merke kreftene til ekstremvêret «Dagmar».

– Vi er blitt så avhengige av den digitale verda, og no ser vi at også den er sårbar, seier fylkesmann Lodve Solholm til NRK.

Les også:

Må bli betre

Stadion Hellesylt kunstgress

KUNSTGRAS: Denne kunstgrasbana på Hellesylt fekk verkeleg kjenne Dagmars krefter.

Foto: Per Svein Hole

Fylkesmann Lodve Solholm fekk også ei annleis jul. Som øvste leiar for beredskapen i Møre og Romsdal var han tett på mange situasjonar. I eit fylke der mange lenge var utan både straum og telefon.

– Dette må vi ta lærdom av. Vi må finne ut korleis vi kan bli betre til neste storm. For vi veit jo at det kjem fleire stormar, vi som bur på Vestlandet. Det er ikkje snakk om dersom, men når, seier Solholm.

Les også:

Evaluering

Tre over strømlinja

TRE: Mange tre velta og skapte trøbbel både for trafikk, straum og telefon.

Foto: Roar Hauge-Nilsen

Enno vil det ta lang tid før alle skadane er innrapportert til forsikringsselskapa og styremaktene. Og enno er ikkje evalueringa av beredskapen i gang.

Januar blir ein månad for oppsummering, og finne ut kva som må fungere betre, seier fylkesmann Lodve Solholm.

– Difor kjem vi til å kalle inn fylkesberedskapsrådet no i januar. Kvar enkelt kan då kome med sine erfaringar, seier Solholm.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL