Hopp til innhold

– Eg ante ikkje kva som venta meg

Madeleine Lobos (24) frå Fræna vart kasta 250 år tilbake i tid. No kjempar ho om sigeren i realityserien «Anno».

Anno

Etter åtte veker i 1764 står Madeleine Lobos att som ein av fem som kan vinne «Anno».

Foto: Eivind Senneset / NRK

Etter åtte veker er tre kvinner og to menn framleis att i 1764 og kjempar mot kvarandre i NRK si nye realitysatsing «Anno». Ein av dei er Madeleine Lobos frå Elnesvågen i Fræna.

– Eg har lært at eg kan få til det eg vil om eg vil det nok. Det finst ingen grenser.

250 år tilbake i tid

Frå 1.januar kunne NRK sine TV-sjåarar sjå Madeleine Lobos og 13 andre deltakarar samla i ein tidskapsel der alt er som det var for 250 år sidan, midt i dagens Bergen. I åtte veker har deltakarane i «Anno» no levd saman og jobba med å kome seg opp frå fattigdom og slit til rikdom og ære.

Eg elskar nye eventyr!

Madeleine Lobos (24)

No er det to veker att, og Madeleine Lobos er svært nær finalen.

– Før «Anno»-sirkuset var i gang ante eg ikkje kva eg gjekk til eller kva eg hadde i vente. Det var hovudgrunnen til at eg valde å bli med i «Anno», for eg elskar nye eventyr.

Les også:

Anno

Programleiar Selda Ekiz saman med dei 14 deltakarane i «Anno».

Foto: Eivind Senneset / NRK

– Fantastisk lærerikt

I «Anno» lever deltakarane som sine forfedrer og kjenner på ei tid då alt var heilt annleis. Dei byrjar på botnen som lærlingar for deretter å arbeide seg opp frå svenn til meister, og eigeninnsats er heilt avgjerande for å nå toppen.

– Gjennom «Anno» har eg lært meir om både meg sjølv og andre. Eg har vakse og blitt eit sterkare menneske med eit større perspektiv, seier Lobos.

Å stupe 250 år tilbake i tid høyrest heilt vilt ut.

Madeleine Lobos (24)

I realityserien på NRK1 har vi sett henne og dei andre deltakarane kjempe for sin plass. Kvar veke ventar utfordrande turneringar og duallar, og den som taper må forlate serien. Til slutt står berre ein igjen og blir vinnaren av «Anno».

– Å stupe 250 år tilbake i tid høyrest heilt vilt ut. Det har vore fantastisk lærerikt å kjenne 1700-talet på kropp og sinn.

Les også:

Gro og de andre jentene i Anno

Madewleine Lobos (24) saman med andre kvinnelege deltakarar i «Anno».

Foto: Strix / NRK

– Drøymde at eg rømde

Likevel har det å vere med i «Anno» også bydd på utfordringar. Den største utfordringa ved å vere med delta i realityserien var at ho måtte seie takk og farvel til sin høgt elska fridom.

– Det innsåg eg ikkje for fullt før dørene var låste. Det å vere innelåst var hovudutfordringa, fortel 24-åringen.

– Det hende at eg drøymde om natta at eg var fengsla og at eg rømde med voktarar springande etter meg.

Pluss på 200 år til mor, så kan vi snakkast!

Madeleine Lobos (24)

Når Madeleine Lobos ser tilbake på innspelinga av Anno huskar ho at ho lo godt for seg sjølv då ho tenkte på mora si som ofte sa til henne at «Du skulle berre ha visst korleis det var då eg vaks opp».

– Og det var riktignok berre 40-50 år tilbake i tid. Pluss på 200 år til mor, så kan vi snakkast.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL