Oljeserviceselskapet National Oilwell Varco (NOV) har rundt 5000 tilsette i landet. På grunn av den vanskelege ordresituasjonen må bedrifta seie opp 1500 tilsette i løpet av året. I dag vart det klart kor mange som må gå på dei ulike avdelingane. I Kristiansand vert bemanninga redusert med cirka 475 stillingar, i Stavanger cirka 235 stillingar, Oslo om lag 70 stillingar og Molde cirka 120 stillingar.
– Dagen i dag har vore utfordrande. Vi nærmar oss slutten på ein lang prosess med nedbemanning. Dei tilsette er spente og urolege, seier Knut-Erik Brevik. Han er klubbleiar for medlemane i Fellesforbundet i Molde.
Det var først i dag dei fekk tala på bordet, men Brevik seier at eit kutt på 120 stillingar var det dei hadde venta.
LES OGSÅ:
Omfattande arbeid
Kommunikasjonsdirektør Dag Nordbø seier at nedbemanninga blir omtrent slik konsernet hadde sett for seg då dei i vår avgjorde at dei skulle seie opp tilsette. Dei siste tre vekene har 350 leiarar vore på kurs for å handtere nedbemanninga på best mogleg måte.
– Det er gjort eit omfattande arbeid for å kartlegge kvar ein skulle ta ned kapasiteten. Resultatet er som forventa, men vi har venta med å gå ut med tal inntil det var sikkert, seier Nordbø.
Fryktar fleire runder
Så langt er det ikkje klart kven av dei 450 tilsette i Molde som mister jobben. Klubbleiaren i Molde synest prosessen har vore ryddig, men fryktar at det kan kome fleire vanskelege beskjedar framover.
– Framtidsutsiktene er tøffe. Vi ser faren for at det kan kome ei runde til med nedbemanning, seier Brevik.