Hopp til innhold

– Dagen då eg vart oppsagt var grufull

Julie Longva (30) tok med seg familien tilbake til øysamfunnet der ho vaks opp. Ho fekk jobb og starta husbygging. Knapt eitt år etterpå vart ho oppsagt. Longva er berre ein av 200.000 som kan stå utan jobb i åra framover.

Julie Longva

Kort tid etter at Julie Longva og familien sette i gang med husbygging, fekk ho beskjed om at ho vart oppsagt.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Ikkje eit vindpust er å kjenne på Longva i Haram på Sunnmøre, der dei om lag 500 innbyggjarane som oftast må rekne med at det bles.

Det er lunsjpause ved Rolls-Royce Marine og arbeidarane har tatt med kantinematen ut for å nyte sola. Der skulle også Julie Longa gjerne ha sitte. I staden var ho ein av dei 14 som måtte gå då bedrifta nedbemanna. Dei tilsette fekk beskjed i vår om at fleire personar kom til å miste jobben.

– Eg har følt det som ei berg og dalbane. I det eine minuttet kunne eg vere glad, i det neste kom det tårer, fordi eg ikkje hadde peiling på om eg kom til å miste jobben. Den tøffaste tida var før eg fekk beskjeden, seier Longva.

Julie Longva

Julie Longva ynskjer at Emrik og Noah skal vekse opp på øya der ho sjølv kjem frå. Dei flytte difor frå Ålesund i fjor.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Midt i husbygging

I 2014 bestemte ho og sambuarane Erlend Hagen (30) seg for å flytte frå Ålesund og tilbake til øysamfunnet der begge har vakse opp. Dei ynskte at dei to sønene, Emrik (3) og Noah (5) også skulle få same oppvekst. Julie var lukkeleg då alt ordna seg med jobb. Ho starta som montør i hjørnesteinsbedrifta Rolls-Royce og samstundes byrja paret å planlegge nytt hus.

I byggjefeltet nokre hundre meter ovanfor Rolls-Royce står Julie Longva og snakkar med murarane. Dei har tatt ei pause og ventar på betongbilen som skal kome med ferja. Alt er i rute til torsdag. Då skal fleire lastebilar kome på øya med ferdighuset.

– Det var utruleg dårleg timing, men kven kunne vite det. Vi fekk ikkje beskjed om at det var usikre tider før vi var godt i gang med planlegginga av huset, seier Longva.

Stein Lier-Hansen

Stein Lier-Hansen i Norsk industri trur fleire hjørnesteinsbedrifter kan stå i fare for å forsvinne.

Foto: David Vojislav Krekling / NRK

Arbeidsløysa aukar

Ikkje sidan finanskrisa har det vore større arbeidsløyse i juli, då 600 fleire vart arbeidsledige. Rogaland hadde den største auken i ledigheit i juli, følgt av Hordaland. Statistisk sentralbyrå si arbeidskraftundersøking viser at det var 122 000 arbeidsledige i 2. kvartal.

Stein Lier-Hansen, administrerande direktør i Norsk industri, har at spådd at opp mot 200.000 nordmenn kan stå utan arbeid innan fem år.

– Arbeidsløysa utviklar seg raskt og vi har ikkje sett det verste enno. Mange har blitt permitterte og oppsagte i leverandørindustrien til olje og gass. No ser vi at skipsverfta har tynnare ordrebøker, seier Lier-Hansen.

Han fryktar at fleire hjørnesteinsbedrifter rundt om i heile landet vil forsvinne. Norsk industri ser ikkje lys i tunnelen for sine medlemsbedrifter før i slutten av 2017.

– Det at bedrifter kan bli nedlagt er ei reell problemstilling. Det er ein lang verdikjede med mange små underleverandørar. Der trur eg det er mange som må kaste korta, seier Lier-Hansen.

For einsidige

Ordføraren i Haram, Bjørn Sandnes, er uroa for at fleire kan miste jobben i hans kommune. Halvparten av innbyggjarane i Haram kommune, som er yrkesaktive, jobbar i den maritime industrien. Det er langt mellom nye ordrar for skipsverfta.

– Det skjer ting i næringslivet som ikkje er så hyggeleg. Det er vanskeleg å seie kor alvorleg situasjonen er. Vi er einsidige i vår region og må få fleire bein å stå på, seier Sandnes.

Bjørn Sandnes

Ordførar i Haram, Bjørn Sandnes, fryktar at fleire mister jobben i tida framover.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Bedriftene i Haram har opplevd nedgangstider før, men ordføraren er spent på korleis dei taklar det denne gangen.

– Vi har tunge internasjonale, store aktørar i regionen. Eg er litt redd for korleis eigarane vil reagere. I tidlegare tider har bedriftene hatt lokale eigarar som har tolt både eitt og to år med nedgangstider. I dag vert situasjonen rapportert frå månad til månad og då er det ikkje alltid tolmodet er til stades, seier Sandnes.

Han er optimist og trur likevel ikkje at bedriftene i Haram vil legge ned. Førre veke vart det kjent at Rolls-Royce legg ned fabrikken med 200 tilsette i Hjørungavåg i Hareid.

LES OGSÅ:

Må flytte frå øya

På ein trebenk i solsteika utanfor Rolls-Royce på Longva er fire unge menn snart ferdig med lunsjpausen. Harald Haram er fagarbeidar og har knappe fem veker att før han må slutte i bedrifta. Også han fekk same beskjed som Julie Longva.

– Det var bittert, men for meg er det ikkje så vanskeleg å kome meg vidare. Eg har ikkje store lån eller barn eg har ansvar for, seier Haram. Planen hans er å studere meir eller søkje ny jobb. På den vesle øya er det få arbeidsplassar og Haram veit difor at han må flytte.

– All kunnskapen eg har fått her gjennom fire år, er gull verdt og slikt kan ikkje kjøpast for pengar, seier Haram. Han trur at ein gang i framtida kan han flytte tilbake til heimstaden.

Tilsette ved Rolls-Royce Longva

Karl-Martin Misund, Rasmus Dalhaug, Harald Haram og Johan Hovde jobbar ved Rolls-Royce Longva.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Fleire må gå

Lærling Karl-Martin Misund synest det er tragisk at mange mister jobben no og er glad for at han får behalde lærlingplassen. Likevel veit han at det blir tøft når lærlingtida er over.

– Det kan bli vanskeleg å få jobb, så eg skal studere meir, seier Misund.

Klubbleiar for Fellesforbundet ved Rolls-Royce Longva, Bjørn Kåre Høistad, seier at det vert endå ei runde med oppseiingar i konsernet utover hausten. Til saman skal Rolls-Royce Marine i Noreg kutte ned med 325 personar i Noreg i år. Kvar dei neste kutta rammar, er enno ikkje bestemt.

– Det er klart at vi er eit lite bygdesamfunn og vi treng alle arbeidsplassane. Vi har ikkje råd til å miste nokon i det heile teke, seier Høistad.

Gir ikkje opp

Julie Longva diskuterer plassering av ei trapp på nyhuset med murarane. Den forferdelege junidagen då ho fekk brevet om oppseiing har ho lagt bak seg. Dagen då tårene svei og ho måtte reise heim og vere for seg sjølv.

Longva har slett ikkje tenkt å flytte frå øya, sjølv om ho miste jobben ho var så glad i. 30-åringen er utdanna førskulelærar og har fått vikariat i 50 prosent stilling i barnehagen. Sjølv om ikkje halv stilling er nok, er ho optimistisk. Mannen Erlend har full stilling i ei anna bedrifta på øya og det betyr at Longva kan pendle til fastlandet dersom det vert naudsynt.

– Der er alltid mangel på førskulelærarar, så sjansane for at eg skal få ein ny jobb er til stades, seier Longva.

Julie Longva

Julie gir ikkje opp husdraumen sjølv om ho miste jobben. No er murane ferdige og torsdag startar byggearbeidet.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK