Hopp til innhold

Stadig fleire filmar blir teater

Teaterfolk tolkar sceneversjonar av «Rainman» og «Fanny og Alexander» som eit løft for ei gamal kunstform.

Fanny og Alexander

Bilete frå «Fanny og Alexander».

Foto: NRK / NRK

Pedro Almodóvars «Alt om min mor», Milos Formans «Gjøkeredet», og Lars von Triers «Breaking the waves» og «Dogville», har alle ein ting til felles - dei har flytta seg frå kinolerretet til teaterscena.

No skal også «Rainman» bli teater i Danmark, medan det norske Nationaltheatret tek tar sats etter Ingmar Bergman og jobbar med ein sceneversjon av «Fanny og Alexander».

Pål Giørtz er generalsekretær i Dramatikerforbundet, og har registrert at stadig fleire historier no flyttar seg frå filmrullar til levande skodespel.

- Voneleg betyr det at det har blitt nærare kontakt mellom film og teater. At ein ser til kvarandre, og ser kva som er godt på begge sider.

Utfordring å få med alt

Fra Lars von Triers "Dogville"

Frå Lars Von Triers film «Dogville».

Foto: Filmweb / Photo:Rolf Konow

Kjetil Bang-Hansen er regissør for den norske sceneoppsetjinga av «Fanny og Alexander».

Han fortel at den største utfordringa er å få på plass alt som skjer i eit fleire timar langt filmdrama, fylt av tragedie og komedie, og ein vrimmel av det han beskriv som skarpt teikna personar.

- Det blir sjølvsagt ein tettleik og nærleik. Kanskje ikkje fullt så mange vakre, langsame panoreringar over rennande takrenner og skjønne marmorstatuer som dreier rundt. Men vi går i staden tettare inn på personane og på publikum.

- Teit med eksplosjonar

Kjetil Bang-Hansen og Kjersti Holmen

Kjetil Bang-Hansen og Kjersti Holmen, som skal spele Emilie Ekdahl i «Fanny og Alexander».

Foto: Heiko Junge / Scanpix

Filmmanusforfattar Axel Hellstenius, som mellom anna står bak «Elling»-filmane, trur ikje det er noko problem å flytte film til teater - så lenge ein kan handtverket på begge områder.

- Det er klart at bilkøyring, eksplosjonar og skyting blir borte. Det funkar fint på film, men det blir berre teit på scena.

Hellstenius meiner at gode grunnhistorier og sterke karakterar klarer overgangen godt, og at teaterstykka tåler tidens tann betre enn filmane.

Han skulle gjerne sett sin eigen debutfilm, «Døden på Oslo S», i ein teaterversjon.

- Når du ser den filmen no, er det ein gamal film. Alle har budbilsveis, og ingen snakkar i mobiltelefon - det er liksom gamledagar. Men historia er tidlaus.

Teater kan aktualisere på nytt

Pål Giørtz

Pål Giørtz i Dramatikerforbundet.

Foto: Dramatikerforbundet

Populariteten til teaterversjonen av «Elling» er eit god eksempel, meiner Hellstenius.

- Elling lever eit mykje heftigare liv på verdas teaterscener enn på film. Forestillinga går i Tyskland, og skal snart til Sydney og Seoul i Korea. Den får eit nytt liv kvar gong nye skodespelarar tolkar rollene, og desse vil då ta den opp i tida.

Men Pål Giørtz i Dramatikerforbundet trur det finst grenser for kva som let seg overføre.

- Det er forskjellige uttrykksformer med forskjellige verkemiddel. Utfordringane ligg i at ein syner publikummet eit materiale dei kanskje har eit sterkt forhold til. Dei kan fort forvente å få servert det dei har sett før.

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters