Hopp til innhold

Slik blir hausten på NRK

Fleipete viking-humor, forsøk på å redde verda og realistisk krigsdrama kjem til å prege TV-hausten på NRK.

«Vikingane», «Midnattsol», «Nobel», «Bro Show», «Victoria»

NRK-HØSTEN: «Vikingane», «Nobel», «BroShow», «Victoria» og «Midnattsol» er blant seriane du kan sjå på NRK i haust.

Foto: NRK

«Nobel»

Nobel-promo

I eit moderne krigsdrama teiknar «Nobel» eit ubehageleg bilete av fredsnasjonen Noreg.

Etter at han kjem heim frå krigen i Afghanistan blir løytnant Erling Riiser (Aksel Hennie) brukt som ei brikke i eit storpolitisk maktspel. «Nobel» tar sjåarane med inn i verda til soldatane som kjempar i Afghanistan, og gjev eit skremmande bilete av korleis norsk utanrikspolitikk og bistand vert forma – og korleis handlingane til Nobelkomiteen får konsekvensar i internasjonal politikk.

Serien er regissert av Per Olav Sørensen, som tidlegare har laga «Halvbroren» og «Kampen om tungtvannet».

Premiere på NRK1 25. september, åtte episodar.

«Vikingane»

Vikingane - høst 2016

«Vikingane» er ein humoristisk dramaserie sett til året 790. Det er brytningstid og sjøvegen mot vest er akkurat funnen. Med den kjem rikdom, politiske omveltingar, kulturkonfliktar, handel og Rufus (Trond Fusa Aurvåg) – ein dekadent skodespelar frå Roma.

I Noreg startar Rufus sitt nye liv som trell og finn sin likemann i Orm (Kåre Conradi), høvdingen sin feige og undertrykte bror. Saman leiar dei to det vesle vikingsamfunnet i ei ny retning, vekk frå tokt og krig og mot kunst og kultur – 1000 år for tidleg.

Premiere på NRK TV og NRK 1 i oktober, seks episodar.

«Live redder verden. Litt»

Høsten 2016

I tillegg til drama kjem også dokuserien «Live redder verden. Litt». Med eit ønskje om å bidra til ei grønare verd går Live Nelvik inn for å ende sin eigen livsstil.

Ho kuttar i kjøttforbruket, finn mat i søpla, prøver å leve søppelfritt, parkerer bilen og kuttar i flyreiser og i straumforbruk. Målet er å redusere hennar personlege CO₂-utslipp frå 19 tonn i året til verdsgjennomsnittet på 6.5 tonn.

Premiere på NRK1 25. august, fem episodar.

«Når kjemien stemmer»

Når kjemien stemmer, høsten 2016

Kan ein lukte seg fram til den perfekte kjærasten? «Når kjemien stemmer» går vitskapleg til verks for å undersøkje korleis vi vel partnarar. I serien treff vi Maren (31) og sju menn.

Basert på tidlegare forsking skal mennene gjennom fleire testar som handlar om lyd, lukt, utsjånad, kommunikasjon, status berøring og smak. Kven av dei visar seg å vere Maren sin perfekte make? Programleiar er Per Olav Alvestad.

Premiere på NRK1 25. august, seks episodar.

«Bro Show»

BroShow

«Bro Show» er eit urbant, ærleg og personleg talkshow som tek opp tema det sjeldan snakkast høgt om.

Saman med kompisane Aon Raza Naqvi og Mikkel Niva tek programleiar Abiel Tesfai ein ærleg diskusjon på om det er greitt å seie ordet «neger», når det er ok å slå og kva som er skilnaden mellom å vere kriminell og «bad».

Premiere på NRK TV og NRK3 i oktober, sju episodar.

I tillegg til nysatsingane kjem også tredje sesong av «Skam», underhaldningsserien «Line dater Norge», dokumentarserien «Ut av skapet», den danske krimserien «Bedrag», den britiske spenningsserien «London Spy» og den fransk-svenske thrillerserien «Midnattssol».

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters