Hopp til innhold

Sjå ei av Noregs beste dansarinner førebu seg til ballettpremiere

Laurdag kveld er det urpremiere på balletten «Woyzeck» på Hovedscenen i Den Norske Opera & Ballett. Sjå Eugenie Skilnand førebu seg til den kvinnelege hovudrolla som Marie i denne videoen!

Video Eugenie Skilnand førebur seg til Woyzeck-premiere

Eugenie Skilnand på scenen under prøvene til balletten «Woyzeck», som har premiere laurdag kveld. (Foto/redigering: Fred Olav Vatne)

Eugenie Skilnand vart fødd i Oslo i 1979, og har vore medlem av Nasjonalballetten sidan årtusenskiftet. Dei siste åra har ho hatt fleire store roller som solist, mellom anna som Julie i «Romeo og Julie» og som Blanche i «En sporvogn til begjær».

Laurdag denne veka er ho ein av hovudpersonane når «Woyzeck» har premiere på Operaens hovudscene. Britiske Philip Curell har den mannlege hovudrolla som Woyzeck, og finske Kristian Ruutu framstiller Woyzecks rival Kapteinen.

– Måtte forme Marie frå grunnen

Historia om Woyzeck, ein soldat som vert sviken av kjærasten sin og difor tek livet av henne, er henta frå eit ufullført teaterstykke av Georg Büchner frå 1837. Av dei mange omarbeidingane er Alban Bergs opera «Wozzeck» ei av dei mest kjende.

Det mest utfordrande for Eugenie Skilnand var prosessen med å gi rollefiguren sin kjøt og blod på ballettscenen:

– Det stod for lite om Marie i teaterstykket til at eg vart skikkeleg kjend med henne, seier Skilnand til NRK.no.

– Eg måtte finne fram til henne sjølv, saman med koreografen og dramaturgen. Det har teke lang tid, samanlikna med kjende karakterar som Julie eller Giselle. Dei er ganske gjennomarbeida frå før, ein kjem til dekka bord og kan legge til sitt eige uttrykk. Det å måtte forme ein karakter frå grunnen har vore ei utfordring, men også veldig gøy.

– Ho er verkeleg ein kunstnar

Musikken til «Woyzeck» er av fire komponistar frå vår eiga tid, Martin Donner, Philip Glass, György Kurtág og Alfred Schnittke. Stemninga i musikken vekslar frå det lettsindige og til tider sirkusaktige, til det intense og mørke.

– Hensikta med den leiketøyaktige musikken er å skape ei uhyggeleg stemning, gjennom kontrasten til det som går føre seg mellom personane på scenen, seier koreograf Christian Spuck, som har valt ut musikkstykka.

Spuck er full av lovord om Eugenie Skilnand sin innsats:

– Ho er ein svært god dansar, ei prima ballerina på høgt nivå. Det finst mange gode dansarar, men ho er verkeleg ein kunstnar. Ho har ein teknikk og eit nærvær på scenen som gjer henne i stand til å fortelje historier og formidle djupe kjensler.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.