Hopp til innhold

Sara Chen

Sara Chen går på vidaregåande skule og har allereie framtidsplanane klare. Ho vil bli solist i dei beste orkestera i verda.

Sara Chen
Foto: Bilde frå audition

 Sara har spilt fiolin lenge, heilt sidan ho var fem år. Fiolina har nok ikkje fått ligge i ro lenge i heimen til Sara, og det er ikkje berre fordi Sara speler mykje, men og fordi det er fleire i familien som speler fiolin. Faren, Ting Zu Chen og søstera Catharina Chen spelar begge fiolin. Og kanskje du no tenkte; det var noko kjent med namnet til søstera så har du heilt rett, fordi Catharina kom på andre plass i Kjempesjansen i 2003. I år er det lillesøstera sin tur.

På laurdag kan vi få sjå om Sara kjem like langt som søstera gjorde, ho tek med seg fiolina si inn i studio og skal framføre ”Spansk dans” av Manuel De Falla og Fritz Kreisler for alle oss som sit heime i godstolen. Men kanskje du allereie no vil høyre Sara spele, då kan du sjå hennar  audition her.

To forbilde

Unge Sara Chen har to store forbilde. Læraren hennar har forandra og inspirert ho og søstera er og eit godt forbilde. Det er to enkle grunnar til det, ho er så flink og ho gir vekk så mange smarte tips, og sidan Catharina veit korleis det er å vere med på Kjempesjansen kan ho nok gje søstera nokre smarte tips når det gjeld det og.

Sara Chen
Foto: Bilde frå audition

På radio og TV

Det er ikkje få gongane femtenåringen har vore på radio eller tv. Ho har blant anna vore med på "Julemorgen" to gongar. Den eine gongen spelte ho duett med Arve Tellefsen, og den andre spelte ho duett med søstera. På radio har ho blitt spelt på NRK klassisk.

Kva vil du bruke pengane du vinn til?

- Eg vil spare opp til ei ny fiolin. Kurs og instrument kostar mykje pengar og litt støtte til det hadde gjort seg.

På gøy med Sara:

Kva er det mest nerdete ved deg?

- Eg kan bli sittande framfor datamaskina mi ei god stund, og dessutan er eg TV-slave.

Kva er det mest sære du kan finne på når du har ein fridag?

- Eg kan klippe i stykk kleda mine, får så å sy dei saman igjen i ein ny fasong eller form.

Har du nokre fobiar?

- Veps og edderkoppar er noko av det verste eg veit! I det heile tatt insekt.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.