Hopp til innhold

– Peer Gynt er ikkje ein massemordar

Skodespelarane Toralv Maurstad og Dennis Storhøi rasar mot nytt Peer Gynt-stykke som kan vekka assosiasjonar til 22. juli. – Eg ville aldri ha spela i dette stykket, seier Storhøi.

Peer Gynt-stykke får kritikk

Peer Gynt blir spela av Nils Harald Sødal i prestisjeoperaen som har urpremiere på Operaen i Oslo på laurdag. Nytolkinga der Peer Gynt blir massemordar haustar kritikk frå Peer Gynt-veteranane Toralv Maurstad og Dennis Storhøi.

Foto: Den Norske Opera & Ballett/NTB Scanpix Erik Berg/Terje Bendiksby/Cornelius Poppe

Peer Gynt går rundt i eit slaktehus der han skyt og drep menneske. Det er ei av scenene som møter publikum når det laurdag er klart for urframføringa av «Peer Gynt» i Oslo.

Dette er ein av dei største satsingane til Nasjonaloperaen på lang tid. NRK.no har tidlegare omtala kanselleringar og forseinkingar som har prega prosjektet.

Ibsen sitt kjende verk er omskrive til ein samtidsopera med fleire nye element.

– Folk kjem absolutt til å tenka tilbake på Utøya, seier komponist Jüri Reinvere til NRK.no om massemord-scena. Han har skrive inn scena i andre akt som der Peer Gynt drep fleire menneske.

Peer blir forbannet, alt hatet hans mot menneskene veller frem, og han viser sin drøm, sitt innerste begjær: å drepe alt og alle rundt seg!

Fra Operaens eigen omtale av Peer Gynt

Nytolkinga skapar reaksjonar hjå Toralv Maurstad, som har spela Peer Gynt i fleire ulike oppsetningar.

– Kvifor skal me forholda oss til 22. juli gjennom Peer Gynt? Peer Gynt har ingenting med massemordarar å gjere, seier Toralv Maurstad.

Vil visa vondskapen

Jüri Reinvere trur scena vil skapa assosiasjonar til traumatiske hendingar for publikum.

– Det er viktig å omarbeida traumatiske hendingar i kunsten. I Noreg er det naturleg å tenke på Utøya-massakren når ein ser ei slik scene, i Finland vil folk ofte tenka tilbake på skulemassakrar, seier Reinvere.

Saka vart for første gong omtala av Sveriges Radio. Motivasjonen til komponisten er å visa kva menneskeheiten er blitt til sidan Ibsen skreiv stykket for rundt 150 år sidan.

– Vondskapen er komen for å bli i vår moderne sivilisasjon, og det viser ei slik massakre-scene, seier Reinvere.

«Peer Gynt er meir enn vondskap»

Jüri Reinvere

– Folk kjem absolutt til å tenka tilbake på Utøya, seier komponist Jüri Reinveres. Han vil visa vondskapen i vår tid med samtidsoperaen om Peer Gynt.

Foto: Jyri Reinvere by re:pi:n media / www.reinvere.de - [1]. Licensed under Creative Commons Attribution
Vigdis Ystad

– Å gjera Peer Gynt så vondskapsfull er ikkje i pakt med Ibsen, seier litteraturforskar Vigdis Ystad.

Foto: Berit Roald / Scanpix

Toralv Maurstad meiner drapsscena i stykket bryt med det som er Peer Gynt sine karaktertrekk.

– Han er ikkje ein massemordar, han tenker berre på seg sjølv, han tenker ikkje på andre og han er ikkje interessert i politikk. Massemordaren på Utøya handla ut frå politisk overtyding, ut frå tanken om at det han gjorde var bra for andre, seier Maurstad, som skal sjå urframføringa på laurdag.

Han får støtte frå skodespelar-kollega Dennis Storhøi, som har spela Peer Gynt seks år på rad på Gåla i Gudbrandsdalen.

– Eg ville aldri ha spela Peer Gynt i eit slikt stykke. Peer Gynt er mykje meir enn berre rein vondskap. Stykket handlar om draumar og fantasi, om forskjellige kjensler og handlingar, seier Storhøi.

«Banalisering og forenkling»

Stykket tek utgangspunkt i korleis Ibsen ville ha skrive historia om Peer Gynt i dag.

Ibsen-ekspert Vigdis Ystad meiner Peer Gynt ikkje kan vera massemordar om ein vil vera tru mot Ibsen.

– Å opptre som massemordar hadde vore heilt utenkeleg for den skikkelsen som Ibsen har skildra. Peer Gynt lærer av Bøygen at han skal gå utanom alle problem, derfor unngår han alle val. Å gjere Peer Gynt så vondskapsfull er ein banalisering og forenkling av Peer Gynt. Det er ikkje mykje i pakt med Ibsen, for han endar alltid sine skodespel med ei gåte.

«Han var ein kynisk forbrytar»

– Dette er ikkje Ibsens Peer Gynt, stykket er Jüri Reinveres egen versjon. Han har fått frie hender til å skrive stykket slik han vil, seier operasjef Per Boye Hansen som har bestilt stykket om Peer Gynt.

Han meiner folk bør dømma stykket først etter å ha sett det, og legg til at Peer Gynt også hos Ibsen har fleire vondskapsfulle karaktertrekk.

– Peer Gynt er ein kynisk slavehandlar og våpenhandlar. Egoismen hans går så langt at han viser forakt for andre, seier Boye Hansen.

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters