Hopp til innhold

Pitsj

Sidan 1999 har jentene i gruppa Pitsj gitt folk rundt om i landet frysningar langt nedover ryggen, på ein positiv måte.

Pitsj
Foto: NÆSFELDT,LINDA

Når Pitsj skal synge for oss på laurdag er det eit medley dei skal synge (Tanta til Beate, Rykte forteller og Voi voi). Men allereie no kan du høyre jentene sin vakre song på  musikkvideoen sin, der framfører dei "Telefon" av Jan Eggum.

Bannlyst

Endå gruppa ikkje blei starta før i 1999 har jentene sunge lenge.

- Alle i gruppa har sunge heile livet. Vi har sunge i kor frå vi var born, og alltid sunge mykje heime med familiane våre.

Det er song jentene kan, verkeleg kan, andre instrument har fort blitt forkasta.

- Songen er vårt hovudinstrument, i ei vokalgruppe er sjølvsagt alle andre instrument bannlyst.

Seint ute

Pitsj
Foto: Jan Henrik Mo / NRK

Tenk deg fem jenter som skal vere på eit bestemt sted til ei bestemt tid, det kan ikkje gå bra, og det gjer det sjeldan for Pitsj.

- Vi er alltid seint ute, stressar ekstremt rett før vi skal opptre. Er gjerne i bilkø når vi skal vere på lydsjekk, sminkar oss medan vi øver og lagar settlister.

Men det nok ikkje det som tek lengst tid for jentene.

- Vi har med cirka 50 antrekk kvar fordi vi ikkje klarer å bestemme oss for kva vi skal ha på oss før fem minutt før konserten. Pitsj er jentene som alltid har dårleg tid!

Store sjansar

Noko av det mest spennande jentene har opplevd var då dei var i Stockholm og fekk kome i studioet til The Real Group å spele inn plate.

- Det var som ein draum som vi aldri ville håpa på, men så skjedde det! Vi er utruleg takksame for den sjansen, og no får vi jo ein til, ein Kjempesjanse seier jentene med eit smil.

Kva vil dei bruke pengane dei vinn til:

- Vi vil reise til USA, det viktigaste landet i verda når det gjeld vokalmusikk.

På gøy med Pitsj:

Kva er det mest ”nerdete” ved dykk?

- Vi er verkeleg nerdete. det er så mange i Pitsj med lang musikkutdanning at vi snakkar italiensk på øving. Som for eksempel: ”Ane, det skal faktisk vere ritardando her! Ma non troppo!”

Kva er det mest idiotiske kjøpet de har gjort?

- Vi kjøpte nokre heilt forferdelege toppar på den tida Anine var gravid. Problemet var at alle vi andre og såg gravide ut.

 

 

 

Kulturstrøm

  • Får støtte frå pappa

    Den svenske artisten Eric Saade markerte støtte for Palestina under eit Eurovision-arrangement tysdag.

    No får han støtte frå pappa Walid Saade, melder Expressen.

    – Vi viser at vi finst og at det som pågår ikkje får skje, seier han til avisa.

    Besteforeldra til Eric Saade flykta frå Palestina til Libanon i 1948.

    Sweden Eurovision Song Contest Semi-Final
    Foto: Martin Meissner / AP
  • Regjeringen gir en million kroner til Rørosmartnan

    – Rørosregionen er en viktig region for Norge. En investering i kvalitet for investering for Rørosmartnan gir et godt bidrag. Sammen med det lokale næringslivet vil regjeringen bidra til at kulturhistorien og tradisjonene blir sikret på Røros og bevilge 1.000.000 kroner til Rørosmartnan, sier Jonas Gahr Støre.

    Støre var i vinter på besøk på Røros og åpnet arrangementet som første statsminister. Bidraget kommer I forbindelse med revidert nasjonalbudsjett, som legges fram 14. mai.

    – Dette er en merkedag for oss på Røros, og et viktig signal om at Rørosregionen er viktig også for hele Norge, sier ordfører Isak Veierud Busch (A).

    Støre på Rørosmartnan
    Foto: Statsministerens kontor
  • Regjeringa gir 300 millioner i satsing på lærebøker i papir

    – Starten på en tydelig markering av skrift og bøker, sier statsminister Jonas Gahr Støre.

    Pengene er øremerket fysiske bøker.

    – Forskning viser at elever lærer mer ved å lese fysiske bøker, sier kunnskapsminister, Kari Nessa Nordtun.

    Hun sier regjeringen nå tar grep for å snu dårlige lesetall.

    – For mye iPad, skjerm og for lite bøker har ikke vært bra for leselysta, sier statsministeren.