Prisen har fått namnet sitt frå utanriksmagasinet
, som blir gitt ut av . Prisen blir delt ut for første gong i år.- Eg set stor pris på denne utmerkinga, særleg når eg veit at det var i sterk konkurranse med så gode kandidatar, seier Sidsel Wold. Ho vil gjerne dele æra med dei ho samarbeider med, spesielt fotografen Mohammed Alayoubi, som ho arbeider saman med i arabiske land.
- Fremje nye perspektiv
- Vi ynskjer å gå bak nyheitsoverskriftene og fremje nye perspektiv på internasjonale konfliktar, kriger og humanitære kriser. Vi håpar at denne prisen kan vere med på å stimulere og auke innsatsen til journalistar, forskarar, kulturmedarbeidarar, forfattarar og andre som engasjerer seg på den utanrikspolitiske arenaen, seier ansvarleg redaktør i Perspektiv, Erik Giercksky.
I statuttane heiter det at prisen blir tildelt personar eller organisasjonar som gjennom stor innsats det siste året har utmerka seg, anten ved å formidle internasjonale nyheiter eller ved å setje internasjonale spørsmål i eit nytt perspektiv.
- Dette er svært oppmuntrande og motiverande. eg set stor pris på grunngjevinga til juryen, seier Sidsel Wold. Ho avsluttar sin periode som NRK-korrespondent i Midtausten i august. Ho blir erstatta av Sigurd Falkenberg Mikkelsen.
- Innsiktsfull og engasjerande
I grunngjevinga frå juryen heiter det blant anna at sidsel Wold har klart å formidle den kompleksen røyndomen i Midtausten på ein innsiktsfull og engasjerande måte.
- I tillegg til å skildre og analysere politiske og sosiale forhold, har ho også gitt menneska i regionen eit ansikt og ei stemme. Dette har ho gjort utan å late eigne meiningar og kjensler prege reportasjane, seier jurymedlem Kristin Clemet. Ho delte ut prisen på vegner av juryen på ei tilstelling i Litteraturhuset i Oslo i kveld.
I tillegg til Kristin Clemet var desse med i juryen: Kristin Clemet, Kate Hansen Bundt, Siri Lill Mannes, Stein Ørnhøi og Erik Giercksky.