Hopp til innhold

Nedlagt dansk orkester gjenoppstår

DR Underholdningsorkesteret, Danmarks svar på Kringkastingsorkestret, vart lagt ned ved nyttår. Søndag held dei sin første konsert på eigne bein – med startkapital frå privatpersonar og næringslivet.

DR Underholdningsorkesteret

DR Underholdningsorkesteret i desember 2014, like før det vart nedlagt. No vert orkesteret forsøkt gjenreist utanfor DR.

Foto: Nikolaj Lund

Søndag held det nyoppretta Danmarks Underholdningsorkester sin første konsert som uavhengig ensemble i København – ein støttekonsert til inntekt for vidare drift av orkesteret utanfor Danmarks Radio.

Nedlagt midt i sesongen

Dei tilsette i orkesteret fekk sjokkbeskjeden i september sist haust: Orkesteret skulle leggast ned frå 1. januar 2015, som ein del av innsparingstiltak i DR. Eit fleirtal i Folketinget gjekk inn for å redde orkesteret, men kulturminister Marianne Jelved sette foten ned for politisk innblanding i DRs tiltak.

I desember vart det lansert ein kampanje på folkefinansieringstenesta Kickstarter. Målet var å samle inn tre millionar til å drive orkesteret vidare. Over 2000 gjevarar gav tilsegn om til saman over éin million, men då aktørar frå næringslivet kom på banen for å dekke inn resten, måtte kampanjen avsluttast sidan Kickstarter har ei øvre beløpsgrense per bidrag. Orkesteret har uansett skaffa seg startkapitalen dei trengde.

– Knallhardt å skaffe sponsorar til kulturtiltak

– Underholdningsorkesteret har eit sterkt varemerke, og det er svært gledeleg at det kan få eit vidare liv, seier Rolf Lennart Stensø, orkestersjef i Kringkastingsorkestret.

– Samstundes veit eg frå tida i Bodø Sinfonietta kor vanskeleg det er å drive eit slikt ensemble utan solid offentleg støtte. Dei innsamla millionane viser det sterke engasjementet for å bevare orkesteret, men det er knallhardt å skaffe sponsorar til kulturtiltak. Vi har ikkje like sterk kultur for slikt i Skandinavia som til dømes i Storbritannia.

Vil opprette prosjektorkester med 40 musikarar

Underholdningsorkesteret har dei siste åra gjort fått merksemd internasjonalt mellom anna for ein video der musikarane et chili og for kritikarroste Mozart-innspelingar.

No er planen å tilsetje ein administrasjon utpå våren. Musikarane kan ikkje rekne med full stilling:

– Vi planlegg å opprette eit prosjektorkester der dei omtrent 40 musikarane har så mykje arbeid i Danmarks Underholdningsorkester at dei ser på det som sin primære jobb, seier Stine Nissen, kommunikasjonsrådgjevar for orkesteret.

– Det vert altså ikkje ein heiltidsjobb, men ein deltidsjobb så omfattande at den har førsteprioritet for musikarane. Det vil truleg bli noko à la sju månader årleg, fordelt over heile året. Men mykje er jo temmeleg usikkert enno.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.