Hopp til innhold

Monopol blir kinofilm

Hollywood børstar støvet av klassiske brettspel. Snart kjem Monopol og Cluedo på kinolerretet!

monopol
Foto: Rosa Iren Villalobos / NRK

Terningen er kasta. Du flyttar brikka felt for felt, og stoppar opp. Trekkjer eit kort, og les:

- "Deres hus og hoteller brenner!"

Dette høyrest kanskje ikkje ut som ein popcorn-film frå Hollywood, men skal vi tru spel- og leiketøygiganten Hasbro, er Monopol som skapt for det store lerretet.

Saman med filmselskapet Universal er Hasbro nemleg i gang med å forvandle det litt trauste spelet til ei filmkomedie.

Mange spelfilmar på veg

Remo Rehder

Brettspelentusiast Remo Rehder gler seg til at brettspela skal innta kinolerretet.

Ein av dei som gler seg, er spelentusiast og dagleg leiar for nettstaden brettspillguiden.no, Remo Rehder.

- Det kan bli gøy dette her. Eg veit ikkje kva Monopol-filmen vil innehalde enno, men det er alltid spanande å oppleve brettspel i andre format.

I tillegg til Monopolfilmen, er filmatiseringar av spela Battleship, Magic: The Gathering, Cluedo, Ouija, og Candyland under planlegging.

Og det er ikkje tilfeldig at nettopp desse blir filmatisert, seier Rehder.

- Det er vel snakk om verdas kanskje meste kjente brettspel, med unntak av historiske spel som sjakk og ludo. Så det er klart at dette er store merkevarer.

Ridley Scott lagar Monopol

Ridley Scott

Stjerneregissør Sir Ridley Scott kastar seg over terningane.

Foto: Peter Kramer / AP

Det er sjølvaste Sir Ridley Scott, mannen bak storfilmar som "Gladiatoren" og "Blade Runner", som skal lage komedien basert på Monopol.

Medan Hollywood-tungvektarane Michael Bay og Gore Verbinski skal skape henholdsvis "Ouija" og "Cluedo".

Men trass i store namn, er filmmeldar i Dagbladet, Vegard Larsen, usikker på kva resultatet av Hollywood si brettspelinteresse vil resultere i.

- Dette er filmar som er laga for å generere store pengar. Då kan det bli alt frå veldig morosamt til veldig, veldig trist.

Larsen trur at det er mogelegheita til å unytte eit etablert merkenamn som lokkar Hollywood på bana.

- Desse spela er jo nokon av dei mest kjente merkevarene som finst. Det blir spanande å sjå kva sjangrar historiene vil spele seg ut i.

Håper på auka speleinteresse

Scott si filmatisering av Monopol kjem truleg på kino neste år. Remo Rehder håper filmen vil føre til auka interesse for brettspel.

- Det hadde jo vore hyggjeleg om ein kunne spore nokon inn på å prøve noko dei ikkje har gjort på ei stund.

Foreløpig er det ingen planar om norske brettspelfilmar. Men dagleg leiar i brettspill.no, Nils Håkon Nordberg, meiner norske produsentar har nok av gode spel å ta av.

- Det har jo til dømes blitt laga brettspel av bokserien "Phenomena", ein norsk fantasy-serie for barn à la "Ringenes Herre". Og så har du meir abstrakte spel som Smarte penger, og Passport, der filmen kunne bli ein tur verda rundt. Så det er eigentleg ingen hindringar her.

  • Kva brettspel trur du hadde gjort seg på kino?

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters