Dei to prisvinnarane blei offentleggjort på ein pressekonferanse i Stockholm tidlegare i dag.
Komponisten og produsenten Max Martin har dei siste 20 åra hatt stor suksess med artistar som Britney Spears, Marion Ravn, Pink og Katy Perry. I grunngjevinga for tildelinga av Polarprisen skriv komiteen om Martin:
– Dei siste 20 åra er det ingen annan komponist i verda som har skrive like varige og varierte melodiar som Max Martin. Med sitt øyre for melodiar har han foredla og utvikla populærmusikken i verda.
– Utvikla songen som kunstform
Den andre prisvinnaren er den italienske mezzosopranen Cecilia Bartoli. Ho er ein av dei mest kjende mezzosopranane i verda, og i grunngjevinga framhevar priskomiteen stemma hennar:
– Med eit stemmeregister som går over tre oktavar og ein unik evne til å leve seg inn i roller, har Cecilia Bartoli utvikla song som kunstform.
Polarprisen blir delt ut kvart år av Kungliga Musikaliska Akademien. Prisen går til to utøvarar i to ulike sjangrar. Prisen har også fått aukenamnet "nobelprisen i musikk".
Prisen blei stifta i 1989 av plateprodusenten Stig «Stikkan» Anderson, som blant anna produserte ABBA. Den første prisen blei delt ut i 1992. Prisen er på ein million svenske kroner, og blir delt ut under ein seremoni i Stockholm konserthus torsdag 16. juni.