Hopp til innhold

Løvenes konge slår "Phantomet"

Musikalen «The Phantom of the Opera» har gjennom tidene vore den mestseljande musikalen på Broadway - fram til no. Med billettsal på nærmare 854 millioner dollar, troner musikalversjonen av «Løvenes konge» no førsteplassen.

Løvenes konge Broadway

På Broadway har musikalen «Løvenes konge» satt nye billettrekordar

Foto: David Goldman / Ap

Broadway i New York, utdanka denne helga «Løvenes konge» bestselgaren «The Phantom of the Opera». Musikalen frå det afrikanske slettelandskapet har no solgt for 700 000 amerikanske dollar meir enn det franske kjærleiksdramaet. Totalt har musikalen solgt for snart 854 millionar dollar.

Simba på skjerm og scene

Løvenes konge, baserer seg på ein Disneyfilm frå 1994, og vart satt opp som musikal tre år etter. Suksessen no kan ein takke publikum for, uttaler produsent og president i Disney teaterproduksjonar, Thomas Schuman:

- Millionar av dei som opplever sitt første Broadwayshow, gjer dette no gjennom «Løvenes konge». Det at så mange får oppleve gledene av levande teater gjennom vår musikal, fører til at historia vert vidareført, og dette er som ein stor arv.

Løvenes konge-musikal

Simba med vortesvinet Pumba og marekatten Timon, i musikalversjonen av 'Løvenes konge'.

Foto: PATRIK STOLLARZ / Afp

«The Phantom» størst globalt

På den globale billettmarknaden, er det likevel «The Phantom of the Opera» som held på førsteplassen.

Den franske episke kjærleikshistoria mellom det gode og det onde, har til no solgt for 5,6 milliarder dollar.

Dette er nesten èin milliard meir enn dei kongelege afrikanske løvene.

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters