Hopp til innhold

- Slitsamt å vere anarkist

No gjev Per Heimly opp kampen mot den etablerte kunsten - og stiller ut sine eigne bilete for første gong.

Video Per Heimly med separatutstilling

Fotografen Per Heimly vart for alvor kjent då han i 1993 saman med venene Ari Behn og Jono El Grande høgtlytt proklamerte at dei var «Den nye vinen». Trass i at Per Heimly er godt etablert som fotograf Noreg, er har han aldri tidlegare våga å stille ut bileta sine på denne måten.

I morgon opnar den første separat-fotoutstilling «Between Demons and Angels» på Hole Artcenter. Utstillinga viser 20 personlege fotografi frå dei siste 20 åra.

Per Heimly

Fotograf Per Heimly ved eit av bileta i separatustillinga.

Foto: Ole Fredrik Haug / NRK

Lei av å vere anarkist

- Eg har eigentleg aldri stilt ut før, eg har berre vore stor i kjeften. Og i evig kamp mot den etablerte kunsten, seier Per Heimly.

Men denne utstillinga såg Heimly som ei fin moglegheit, og som eit startskot til å kunne jobbe med kunst.

- Det er veldig slitsamt å vere anarkist heime tida.

  • LES ÒG:
  • LES ÒG:

Ope for tolking

I 20 år har han vegra seg for å stille ut, fordi han har vore redd for å late bileta leve sitt eige liv. Gjennom utstillinga opnar ein for tolking, og ein kan ikkje lenger styre korleis folk forstår dei.

Per Heimly

Eit sjølvportrett og eit portrett av Maria Bonnevie heng side om side på utstillinga.

Foto: Ole Fredrik Haug / NRK

- Ein kunstnar som stiller ut avslører seg fullstendig, det er litt skummelt. Ein avslører kjærleiken sin eller mangelen på kjærleik, eller forståinga av livet.

- Utstillinga er eit djupdykk i sjela mi, korleis det er å vere meg.

Lagar tv-program med Ari Behn

Og vi kan vente oss meir frå Per Heimly i tida som kjem. Saman med kameraten Ari Behn skal han lage eit tv-program for NRK , der dei skal lage portrett av menneske og miljø. Men akkurat kva det vert kan han ikkje seie så mykje om enno:

- Vi har ikkje starta enno. Men Ari skal vere forteljar, og eg eit slags sidekick. Vi skal gje alt av oss sjølv.

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters