Hopp til innhold

Fann Europas eldste gitar

På Hebridane har arkeologar funne restar etter eit meir enn 2300 år gammalt strengeinstrument – det eldste som nokon gong er funne i Europa.

Del av lyre frå Hebridene

Gjenstanden arkeologane fann er både brend og skadd, men likevel attkjennande som ein del av eit strengeinstrument.

Foto: Historic Scotland

Det var i ei grotte på øya Skye, ei av dei indre Hebridane utanfor skotskekysten, forskarane fann det dei trur er restane av ei lyre, skriv BBC. Det dei har funne er truleg stolen på lyra, det vesle brettet som strengane var spent over (som på ein fiolin) på det gitar- eller harpeliknande instrumentet.

– Forskyvar historia meir enn tusen år

– Funnet inneber eit sjumilssteg for Skottland og alle oss på øyriket, seier den Cambridge-baserte musikkarkeologen Graeme Lawson, som har studert funnet.

– Det forskyvar historia for avansert musikk meir enn tusen år bakover, inn i vår mørkaste forhistorie. Og ikkje berre musikkens historie, men meir spesifikt den delen som handlar om song og poesi, for det var det ein brukte slike instrument til.

I det som no er Irak, har ein funne restar av strengeinstrument frå 5000 år tilbake, men dei eldste kjende funna i Europa har vore nordiske instrument frå 600-talet.

– Knyter Hebridene til dei berømte sivilisasjonane

Lyrestolen vart funnen i High Pasture Cave, som har vore i arkeologane sitt søkelys sidan 1970-talet. Funnet skaper stor lokal entusiasme i Skottland, og vart nyleg presentert i Edinburgh av den skotske kultur- og utanriksministeren Fiona Hyslop.

– Gjenstanden set Hebridene, og dermed også fastlandet omkring, i ein musikalsk samanheng ikkje berre med resten av den barbariske verda, men også med dei berømte sivilisasjonane. Det står fram ei verd som vart halden i hop ikkje berre av teknologi og handel, men av noko som forgjengeleg og vakkert som musikk, poesi og song, seier Graeme Lawson.

Særleg innanfor den antikke greske kulturen var lyre eit populært instrument.

Steve Birch, Fiona Hyslop, John Purser og Graeme Lawson

Utgravingssjef Steve Birch, kultur- og utanriksminister Fiona Hyslop, kulturhistorikar John Purser og musikkarkeolog Graeme Lawson med ein kopi av lyrebiten.

Foto: Historic Scotland

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.