Hopp til innhold

Hustvedt i praktslag

Likar vi Siri Hustvedts romanar fordi ho har norske røter? På grunn av eller trass i at ho er kvinne? Eller fordi ho er ein god forfattar? Kvalitet og kunstnarrolle blir sett i spel i «Denne flammende verden».

Siri Hustvedt

Forfatter Siri Hustvedt har skrive romanen «Denne flammende verden».

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Denne romanen trampar inn i nokre skikkeleg ugreie spørsmål og blir der så lenge at lesaren blir tvinga til å ta inn over seg problematikken.

Lat meg få presentere den høgst problematiske helten: Harriet Burden, Harry blant vener. Og nei, verken etternamnet Burden eller kallenamnet Harry er tilfeldig.

Harry er kunstnar i New York, ein av dei mange ukjente som aldri har slått skikkeleg gjennom. Ho er sikker på at mangelen på suksess kjem av at ho er kvinne; eit stort, lite pent og etterkvart aldrande hokjønn, som altså er nokså aleine om å tru på sin eigen genialitet.

For å overtyde andre klekkar ho ut ein plan, og allierer seg etter tur med tre yngre menn som skal stille ut hennar kunst i sitt namn.

Når dei tre utstillingane har hatt suksess, skal Harriet Burden stå fram som den verkelege kunstnaren og slik skal kunstverda ta inn over seg at ho, og andre kvinnelege kunstnarar, har blitt ignorert fordi dei er kvinner.

Blikket som ser

Burden er sikker på at blikket til kritikarar og publikum ikkje berre ser kunsten, dei ser kunstnaren. Og geniet blir lettast gjenkjent i den unge mannen. Blikket er alltid farga av forventningar og ikkje minst fordommar.

Kva skjer så med det storslåtte prosjektet? Greier den forsmådde Burden å bevise denne tesen? Det får den vite som les romanen, ein roman der så vel kunstnaren sjølv som ei rekkje andre får kome til orde.

Boka er laga som ei posthum biografi om Burden, der dagboksnotat, intervju med ulike personar og kritikkar er sett saman av kunstprofessoren I.V. Hess, ein figur eg ikkje har greidd å finne ut om er mann eller kvinne.

Krafta i eit psevdonym

Men i alle fall: gjennom dagbøkene kjem det fram at Burden er interessert i psevdonym, ikkje som banale utskiftingar av namn, men som ulike sider ved personlegdommen, slik ein kan finne det hjå forfattarar som Pessoa og Kierkegaard.

Og når Burden skal skape kunst i andres namn skjer det noko med henne som kunstnar. Når ho vidare går inn i eit samarbeid med dei tre unge mennene etter tur, skjer det endå meir, meir enn både lesaren og Burden sjølv kunne førestille seg.

Identitet, dette forterpa temaet i vestleg samtidslitteratur, blir her røska opp i på forfriskande vis.

Dame med hatt og lidenskap

Kvinnelege kunstnarar som meiner dei er forbigått fordi dei er kvinner, er eit trist tema. Når dei i tillegg er aldrande, lite pene, klønete i sosiale samanhengar og glødande opptekne av å få sin rett, er det mange som vil kjenne på drifta etter å krysse gata for å sleppe å snakke med vedkomande.

Harry er litt sånn. På same tid har ho outsiderens skarpe blikk for jåleriet i kunstmiljøet. Legg så til ein lidenskap for kunst og for å forstå verda, inkludert sitt eige liv, og du har ein uvanleg samansett og interessant litterær person som virvlar opp spørsmål med rekkjevidde langt utanfor eigne diller.

Har du først blitt kjent med Harry, gløymer du henne ikkje så lett. Har du først følgt hennar resonnement, kan du fort oppdage at ho har mykje å fare med, trass i grått hår og dustete hattar.

Gjennom ein marginalisert person på grensa til å vere latterleg, tek Hustvedt opp sentrale spørsmål om kunst, kvalitet, skaparkraft og altså identitet. Det er ikkje å velje den enklaste vegen, for å seie det slik.

Sanninga om Harrys kunst

Gjennom alle som kjem til orde, gjennom dei svært ulike dagbøkene og ikkje minst gjennom eit nett av fotnotar kjem eit fascinerande, mangefasettert bilde til syne: Av ein kunstnar som blir ignorert, demonisert og dyrka.

Av ein kunstscene som jaktar etter originalitet - i flokk. Og ikkje minst av mennesket Harry i alle sine roller: som dotter, kone, mor, kunstnar, elskerinne, intellektuell, kjeftesmelle, mesen, medusa og sutrekjerring. Var så Harriet Burden ein genial, miskjent kunstnar?

Det kan eg ikkje seie. Men etter å ha lese denne romanen er eg ikkje lenger i tvil om at Siri Hustvedt fortener å bli sett. Denne romanen er hennar beste, mest originale og mest krevjande, og det med god margin – spør du meg.

Kulturstrøm

  • Nintendo varsler ny konsoll i år

    Det japanske spillselskapet Nintendo varsler at arvtakeren til deres spillkonsoll Switch vil bli presentert innen utgangen av selskapets regnskapsår, melder nyhetsbyrået AFP.

    Nintendo Switch er selskapets mestselgende konsoll noensinne. I desember 2023 var det solgt 139 millioner eksemplarer på verdensbasis.

  • Endrar på Taylor Swift-billettar i Sverige

    Ticketmaster gjer endringar på billettane som er selde til konsertane Taylor Swift skal halde i Stockholm neste veke, melder Expressen.

    Dei rundt 200.000 selde billettane var personlege. Det vil seie at den som kjøpte billettane, også var den som måtte bruke dei i dåra.

    Ordninga fekk kritikk, og no har Ticketmaster snudd.

    – Arrangøren har fjerna den tidlegare regelen for å gjere det enklare for fansen å bruke billettane sine, skriv dei ein e-post til kjøparane.

    Taylor Swift opptrer i en rosa paljettdrakt på Monumental stadium på Eras Tour-konserten i Buenos Aires i Argentina i november i 2023.
    Foto: Natacha Pisarenko / AP