Hopp til innhold

Norsk komponist blir framført på alle kontinent

Den norske komponisten Ola Gjeilos musikk vert framført i Argentina, Sør-Afrika, Japan, Australia og ei rekkje andre land. – Eg har gitt opp å telle landa, seier han.

Ola Gjeilo

Den norske komponisten og pianisten Ola Gjeilo har nyleg flytta til Atlanta, Georgia etter eit kortare opphald i Phoenix, Arizona.

Foto: blunderbuss.no

Ola Gjeilo (34) kom med sitt første pianoalbum «Stone Rose» i 2007, og oppfølgaren «Piano Improvisations» kjem i desse dagar ut i ulike fysiske og digitale format både i Noreg og USA.

I vinter kom det amerikanske koret Phoenix Corale (Grammy-vinnar i 2009) med ein heil cd med musikk av Gjeilo, «Northern Lights». Albumet kom langt opp på salslistene for klassisk musikk både i USA og Storbritannia.

– Eg har gitt opp å telle

Gjeilos musikk appellerer tydelegvis også til lyttarar i andre himmelstrøk. For nokre år sidan vart det anslått at den var blitt framført i 30 land, men den informasjonen er ifølgje komponisten utdatert:

– Det er nok mykje meir no – eg har gitt opp å telle, seier Ola Gjeilo til NRK på telefon frå sin nye heimby Atlanta i USA.

– Det kjem inn meldingar frå Japan, Indonesia, Australia, Argentina, Island, Filippinene, Sør-Afrika ... litt sånn overalt – det er utruleg artig for ein komponist å oppleve.

Musikken hans er godt representert både på Youtube og andre musikktenester på nettet, og han er ikkje i tvil om at det ligg til grunn for at musikken har nådd så mange:

– Det er utruleg kor fort musikk spreier seg i vår tid, i internettalderen går det mykje fortare enn før. Slik sett er det ei fantastisk tid å vere komponist og musikar på.

Sjå Ola Gjeilo spele «Ubi Caritas» saman med CWU kammerkor:

– Lever av bestillingsverk

Gjeilo flytta til USA i 2001 for å studere komposisjon ved den prestisjetunge Juilliard School i New York. Han fall både for musikklivet, kulturen og menneska, og er i dag gift med ei amerikansk kvinne.

– Det er eit stort land med mange muligheiter, også for å leve av musikk – det var noko eg alltid ville.

Om «Northern Lights» kan reknast som ein salssuksess innanfor det klassiske musikkområdet, er det like fullt andre inntektskjelder som gjer at Ola Gjeilo kan leve av musikken sin:

– Eg lever først og fremst av bestillingsverk. Det er mogleg i USA fordi musikklivet i skulane er så stort her, både på high school- og college-nivå bestiller dei veldig mykje musikk. Eg får også bestillingar frå blåseensemble og andre typer ensemble – profesjonelle, halvprofesjonelle og amatørar.

– Ønskjer at alle skal kunne like musikken

Ola Gjeilo har bakgrunn både frå klassisk og jazz, og hadde både Ole Henrik Giørtz og Wolfgang Plagge som lærarar då han budde i Noreg. Musikken hans kombinerer desse elementa og siktar mot eit breiast mogleg publikum:

– Eg har nok alltid ønska at alle skal kunne like musikken min, uansett kva dei elles lyttar til. Eg vil skrive musikk som kommuniserer med flest mogleg.

Etter åra i New York studerte Gjeilo filmmusikk i Los Angeles, og han hentar i dag mykje av sin inspirasjon frå film. Han trur filmmusikkens status er ein viktig grunn til at ny, tonal musikk har så stort nedslagsfelt i USA:

– Det har nok tradisjonelt vore større aksept for tonal og modal musikk i USA enn i Europa. Det kan ha ein samanheng med at filmmusikk er så stort og viktig her. Men eg føler det er stadig større aksept for det overalt – i Noreg og Europa også.

Høyr ein smakebit frå «Piano Improvisations»:

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters