Hopp til innhold

Endeleg toraderjubel etter hundre års kamp

Øyvind Sandum (30) fekk i helga kongepokal for sitt spel på torader under Landskappleiken. Det var ein historisk triumf ikkje berre for han, men også for instrumentet, som lenge vart rekna som ein trussel mot felespelet.

Øyvind Sandum

Øyvind Sandum er opprinneleg frå Lalm i Vågå og har spelt torader sidan han var ni år.

Foto: Palmar Ruste / Landskappleiken 2012

Rundt 1000 utøvarar tok del under Landskappleiken på Otta i helga. Av 19 deltakarar på ein- og toradar kom tre til finalen, og Øyvind Sandum frå Oppdal Spell- og dansarlag vart den første kongepokalvinnar på torader i Landskappleiken gjennom tidene.

– Dette er utruleg stort, eg trur ikkje at det heilt har stige innover meg enno, sa Øyvind Sandum til NRK etter å ha gått til topps søndag.

Høyr Øyvind Sandum spele under Landskappleiken:

Vart ein trussel mot felespelarane

Utøvarane på ein- og toradar, som samla vert kalla durspel, har kjempa ein lang kamp for å få vere med i Landskappleiken. Arrangementet byrja på slutten av 1800-talet som ein konkurranse for hardingfelespelarar, og motivasjonen var å verne dei eldste folkemusikktradisjonane frå å døy ut.

Trekkspelet vart på den tida enormt populært over heile landet. Trekkspelarane vart eit trugsmål mot felespelarane, som frå før hadde vore kongane på dansefestane. Ein kjend spelemann kalla trekkspelet «denne snikdreparen som hev vorte den største faren for norsk nasjonal musikk-kultur».

Formannen i Numedal spel- og dansarlag skreiv følgjande tidleg på 1900-talet: «Når det gjeld arbeidsplanen for laget, må ein fysst og framst tenkje på å døyve på den store makti som trekkspelet hev fenge i leik og lag i bygdene her, og setja seg som mål å drive det ut att or dalen og dit det kom ifrå.»

(Sitata er gjengitt i Leif Ingvar Ranøien: Rørospols på torader)

– Kjempeviktig å vere med her

Motsetjinga mellom eldre og nyare tradisjonar innan folkemusikken er framleis høgst levande, og Landskappleiken er ein sentral arena:

– Det er kjempeviktig å vere med her – det vil seie at vi vert sett på lik linje med dansen og dei andre instrumenta i landskappleikmiljøet, seier Øyvind Sandum.

Han kjem frå Lalm i Våga, ikkje langt frå årets arrangørstad Otta – eit av Noregs fremste toraderregionar.

Høyr Øyvind Sandum spele:

Øyvind Sandum

Her får Øyvind Sandum kongepokalen under Landskappleiken.

Foto: Landskappleiken 2012/ Palmar Ruste

– Har vore ein modningsprosess

Spel på vanleg fele fekk oppretta eiga klasse på Landskappleiken i 1924, og kveding kom med i 1958. Men utøvarar på durspel, ein- og toradarar, fekk ikkje sleppe inn i varmen før i 2005 – meir enn hundre år etter oppstarten. Og først i år var det duka for kongepokal.

– Det har teke si tid, og har vore ein modningsprosess, men i 2005 var ein klar for å ta med durspel på Landskappleiken – og det er eg svært glad for, seier Rannveig Djønne, ein av arrangørane for Landskappleiken og sjølv toradarspelar.

– Det at instrumentet er teke inn i Landskappleiken, er med på å auke statusen til instrumentet. Dette er eit kvalitetsarrangement der ein får vist fram det beste av folkemusikken i Noreg, og utøvarane på durspel synest det er stas å få vere med.

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters