Hopp til innhold

Fødselskyrkja inn på verdsarvliste

UNESCO gir Fødselskyrkja i Betlehem verdsarvstatus, trass i israelske protestar.

Fødselskirken

Fødselskyrkja i Betlehem er ei av verdas eldste, og har no hamna på UNESCO's verdsarvliste.

Foto: Leon Neal / AFP

Med 13 mot seks stemmer vart Fødselskyrkja i dag stemt inn på verdsarvlista av UNESCO. Også pilegrimsruta som er knytt til kyrkja vart tatt opp på den prestisjetunge lista, melder nyheitsbyrået AFP.

Avgjerda vart møtt med stor applaus av den palestinske delegasjonen. Det er deira første nominasjon til lista, etter at dei vart tatt opp som UNESCO-medlem i fjor.

Åtvara UNESCO

Det palestinske sjølvstyreområdet har lenge kjempa for å bli akseptert som medlem i både FN og UNESCO.

Noreg var eit av landa som stemte for medlemskap. Men både USA og Israel har åtvara UNESCO sterkt mot å la palestinarane bli medlem.

Kyrkja er ei av dei eldste i verda, og er bygd over grotta som er blitt utpeikt som fødestaden til Jesus. Den ligg midt i Betlehem, eit område som det har vore stor konflikt knytt til, med tanke på nettopp det palestinske sjølvstyreområdet.

LES: Presteslåsskamp med bare never og kost

Gjekk imot komité

Komitéen som kjem med råd til UNESCO, ICOMOS, gjekk imot at kyrkja skulle få verdsarvstatus, ifølgje nettstaden ARTINFO. Dei meinte det ikkje var fare for konserveringa av den og at den ikkje møtte kriteria for opptak.

UNESCO-lista over verdas kultur- og naturarv inneheld meir enn 900 stadar, både kulturstadar og naturområde. 36 bygningar og område blir vurdert for opptak i år, under møtet i St. Petersburg som varer fram til 6. juli.

Kulturstrøm

  • Buing under Israels øving til ESC-semifinale

    Da Israel øvde i Malmö onsdag kveld ble det buet fra salen. Ifølge opptak NRK har hørt og Aftonbladet. Den svenske avisen skriver også at sikkerhetsvakter stod langs trappen opp til scenen da den israelske artisten Eden Golan stod på scenen under generalprøven. Når den andre semifinalen går av stabelen torsdag sensurerer EBU lyden ut på lufta.

  • Får støtte frå pappa

    Den svenske artisten Eric Saade markerte støtte for Palestina under eit Eurovision-arrangement tysdag.

    No får han støtte frå pappa Walid Saade, melder Expressen.

    – Vi viser at vi finst og at det som pågår ikkje får skje, seier han til avisa.

    Besteforeldra til Eric Saade flykta frå Palestina til Libanon i 1948.

    Sweden Eurovision Song Contest Semi-Final
    Foto: Martin Meissner / AP
  • Regjeringen gir en million kroner til Rørosmartnan

    – Rørosregionen er en viktig region for Norge. En investering i kvalitet for investering for Rørosmartnan gir et godt bidrag. Sammen med det lokale næringslivet vil regjeringen bidra til at kulturhistorien og tradisjonene blir sikret på Røros og bevilge 1.000.000 kroner til Rørosmartnan, sier Jonas Gahr Støre.

    Støre var i vinter på besøk på Røros og åpnet arrangementet som første statsminister. Bidraget kommer I forbindelse med revidert nasjonalbudsjett, som legges fram 14. mai.

    – Dette er en merkedag for oss på Røros, og et viktig signal om at Rørosregionen er viktig også for hele Norge, sier ordfører Isak Veierud Busch (A).

    Støre på Rørosmartnan
    Foto: Statsministerens kontor