Hopp til innhold

Oljekritikk i Nasjonaloperaen

Den Norske Opera & Ballett kunne skilte med fleire framsyningar og ein ny norsk «oljeopera» då dei presenterte 2012/2013-programmet i dag. – Eit program med publikumsvinnarar, men få tungvektarar, seier NRKs Ragnhild Veire.

Leiinga ved Den Norske Opera & Ballett

Administrerande direktør Tom Remlov, musikksjef John Helmer Fiore, fungerande operasjef Anne Gjevang og ballettsjef Espen Giljane.

Foto: Fred Olav Vatne / NRK

Leiinga ved Operaen hadde med seg to lys levande operaskaparar då dei presenterte programmet for 2012/2013-sesongen mandag føremiddag: Komponisten Knut Vaage og forfattaren Torgeir Rebolledo Pedersen.

Ny opera om griskheit og ressursutnytting

Vaage og Pedersen har jobba med operaen «Khairos» dei siste seks åra, og i mai 2013 er det klart for premiere. Operaen er lagt til det fiktive samfunnet Khairos, der ein drapsmann må sone straffa si på ein oljeplattform.

– Operaen byrjar onshore og sluttar offshore, seier librettist Torgeir Rebolledo Pedersen.

– Det endar ikkje bra, og det har samanheng med det griske og kortsynte i mennesket. Vi håper operaen får folk til å tenke på ressursutnytting og griskheit overalt, ikkje berre i vårt eige samfunn. Vi er redde for å framstå som moralistar, men det ligg nok ein bodskap her om at vi bør vere meir forsiktige og kanskje ligge unna oljen.

NRKs kommentator Ragnhild Veire held fram Vaages og Pedersens nye opera som eitt av elementa som gir sesongprogrammet eigenart og tyngde, saman med ein ny tysk samtidsopera for barn, «Robin Hood», og eit nytt besøk av den norske stjerneregissøren Stefan Herheim.

– Det ligg ein risiko i å satse på ny norsk opera, som i tillegg ber i seg ei politisk, kritisk haldning til oljeutvinninga. Samfunnet treng bokstaveleg talt slike motførestillingar, for å balansere dei sterke stemmene som vil utvinne meir.

Torgeir Reboledo Pedersen og Knut Vaage

Torgeir Reboledo Pedersen og Knut Vaage.

Foto: Fred Olav Vatne / NRK

Stefan Herheim tilbake med Strauss-opera

Stefan Herheim, som nyleg regisserte Puccini-operaen La Bohème i Bjørvika, kjem tilbake for å regissere Richard Strauss' opera Salome – ei oppsetjing som hadde premiere i Salzburg i 2011.

– Stefan Herheim står nok ein gong for eit viktig og spennande tyngdepunkt i programmet, seier Ragnhild Veire.

– Rett nok er dette ei oppsetjing som har vorte spelt – og svært omdiskutert – i Salzburg. Dette er like fullt flott musikk og eit svært sentralt verk.

Av publikumsvinnarar held Veire fram Puccini-operaen Madame Butterfly og Johann Strauss d.y.-operetten Flaggermusen.

– Madame Butterfly er ein utruleg vakker opera, men det er vanskeleg å forløyse den, få noko nytt ut av den. Eg gler meg til å sjå kva dei får til.

– Viktig signal om kva som er hovudsaka

Ragnhild Veire, kommentator

Ragnhild Veire.

Foto: Ole Kaland / NRK

Operaleiinga har tidlegare vorte kritisert for få framsyningar. Fungerande operasjef Anne Gjevang understreka i sin presentasjon at det nye programmet inneber ny rekord både i talet på eigne produksjonar, åtte nye verk, og i talet på framsyningar – på Hovudscenen inneber det ein auke frå 70 til 91.

– Mykje av auken skuldast rett nok at dei set opp tradisjonelle verk og operette, til dømes 24 framsyningar av Flaggermusen av Johann Strauss d.y., kommenterer Ragnhild Veire.

– Like fullt er det ein auke, og det er positivt.

Operaleiinga presenterte programmet sitt i fire kategoriar, opera, ballett, orkesterkonsertar og «alt anna».

– Når ein kallar andre arrangement «alt anna», inneber det eit viktig signal om kva som er hovudsaka, det var ikkje så tydeleg før, seier Veire.

– Sluttstrek for den noverande leiinga

Sesongprogrammet vart presentert av administrerande direktør Tom Remlov, fungerande operasjef Anne Gjevang, ballettsjef Espen Giljane og musikksjef John Helmer Fiore. Frå 1. august tek Per Boye Hansen over som operasjef og Ingrid Lorentzen som ballettsjef, men dei har ikkje vore med å utarbeide dette programmet.

– Programmet er eit resultat av mange års arbeid, mykje av det vi jobbar med har svært lang planleggingshorisont, sa Tom Remlov under presentasjonen.

– For ballettens og operaens del inneber det sluttstreken for den noverande leiinga og fullbyrdinga av eit lengre arbeid, sa Remlov.

Billettsalet for neste operasesong startar 19. mai kl 10.00.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.