Hopp til innhold

19-åring fekk dirigentjobb via Facebook

Dirigenten og komponisten Alexander Prior (19) har allereie skrive opera og ballett, seks symfoniar og ei kantate tileigna dei som døydde på Utøya – og vore hovudperson i ein tv-serie. Denne veka dirigerer han Kringkastingsorkesteret.

Alexander Prior

Alexander Prior under prøvene med Kringkastingsorkestret denne veka.

Foto: Fred Olav Vatne / NRK

KORK hadde aldri før opplevd at ein for dei ukjend dirigent tok kontakt på Facebook, og historia er entusiastisk gjenfortalt på Kringkastingsorkestret si nettside.

Alexander Prior

Alexander Prior.

Foto: Fred Olav Vatne / NRK

Den første skepsisen vart snart avløyst av interesse, då KORK-leiinga fekk sjå merittlista hans. Det skada nok heller ikkje at han kan snakke og skrive dansk. For den unge engelskmannen Prior var ikkje Facebook-initiativet like unikt:

– Eg las historia, og tenkte først; gjorde eg det? Det hugsar eg ikkje ... men det er fullt mogleg, seier Prior i ein godstol i NRK sin skodespelarfoaje. Vekas KORK-dirigent er fødd i 1992 og godt rotfesta i Facebook-generasjonen:

– Eg er ein veldig aktiv internettbrukar, og har kome i kontakt med fleire orkester gjennom Facebook. Eg skriv ikkje akkurat ned alt eg brukar internett til!

Sjå tv-serien om Alexander Prior: Musikalske vidunderbarn

(I det tredje programmet kan du høyre Prior sitt verk Velesslavitsa)

Skreiv Utøya-kantate

Prior er også ein særs produktiv komponist. Balletten «Mowgli» hadde premiere i Moskva i 2008. Neste år har «Jonah and The Whale» premiere ved Los Angeles-operaen. Nyleg var det premiere på kantata «Og jeg så en ny himmel og en ny jord …» i Danmark, som er skriven til minne om dei som døydde på Utøya, og som kjem på plate neste år.

Prior har engelsk far og russisk mor og er britisk statsborgar, men har fått opplæring ved det han kallar det «fantastiske, men svært gammaldagse» St. Petersburg-konservatoriet. No lyttar han til pop og rock for å kunne skrive musikk for sine jamaldringar:

– Eg er fødd på 1990-talet, men det er ikkje automatisk slik at eg skriv musikk som talar til min eigen generasjon. Eg må leve i dag – dersom ein sit fast i eit anna hundreår, er det ikkje vits i å skrive, seier Prior.

– Ein ven gjorde meg merksam på at alle dei store komponistane let seg inspirere av, og brukte, samtidas populærmusikk. Dei siste par åra har eg difor målbevisst lytta til pop, rock og jazz, ting eg ikkje likte så godt før.

– Men eg likar ikkje veldig mykje – mine favorittar er Queen, som eg alltid har likt, Sigur Rós og Jónsi – eg elskar Jónsi sin musikk, låta «Hengilás», til dømes, og framfor alt Arctic Monkeys – dei gjer meg stolt over å vere britisk. Desse lagar musikk på nivå med dei store komponistane, den er berre annleis.

Høyr Jónsi-låten og Prior-favoritten «Hengilás»:

Høyr Prior fortelje om sin kjærleik til Sigur Rós, nordisk musikk og Jean Sibelius:

Video Alexander Prior om nordisk musikk

– Eg ser mykje unge folk på konsertane

Alexander Prior synest musikarar og komponistar i dag har betre føresetnader enn nokon gong tidlegare for å nå ut med musikken sin:

– Tenk på Haydn, som måtte bruke landevegen til å sende notane sine til London. Med Facebook, Youtube og Itunes er alle typer ny musikk lett tilgjengeleg. Vi har dei beste moglegheitene til å dele musikken vår som nokon gong har eksistert.

Det er ikkje overfylt med 19-åringar i konsertsalen, heller ikkje når Prior dirigerer, men han trur det kan bli fleire:

– Det er ikkje så ille som folk trur. Eg ser mykje unge folk på konsertane, særleg i USA. Men vi skulle så klart gjerne sett mange fleire, og eg trur det er mykje som kan gjerast.

– Samarbeid med rockeband og liknande, som Kringkastingsorkesteret har gjort, viser at vi lever i vår eiga tid. Og så er det alle dei små tinga som gjer konsertane meir avslappa og musikken meir tilgjengeleg – eg brukar til dømes ikkje sløyfe, og pratar gjerne mellom satsane.

Sjå Alexander Prior dirigere KORK under prøve denne veka:

Video Alexander Prior dirigerer Kringkastingsorkestret

Sjå Kringkastingsorkestret sin konsert med Prior som dirigent direkte på NRK.no i kveld frå kl 1930.

Kulturstrøm

  • Norsk politi er på plass i Malmö – kjem frå Oslo Politidistrikt

    Eurovision-veka i Malmö er i gang, og norsk politi er på plass.

    Politidirektoratet vil ikkje seie kor mange frå norsk politi som skal hjelpe svensk politi.

    – Vi går ikkje ut med det eksakte talet på personar som skal delta, men kan stadfeste at personellet kjem frå Oslo Politidistrikt som har god kompetanse på denne typen oppdrag, skriv seksjonssjef Torgeir Haugen i ein e-post til NRK.

    I Sverige er arrangementet sett på som ein «nationell särskild händelse», som betyr eit stort politioppbod frå heile Sverige og nabolanda.

    Det er vente store demonstrasjonar i byen denne veka.

  • Nintendo varsler ny konsoll i år

    Det japanske spillselskapet Nintendo varsler at arvtakeren til deres spillkonsoll Switch vil bli presentert innen utgangen av selskapets regnskapsår, melder nyhetsbyrået AFP.

    Nintendo Switch er selskapets mestselgende konsoll noensinne. I desember 2023 var det solgt 139 millioner eksemplarer på verdensbasis.