Hopp til innhold

Dei klatra opp verdas største stein

Modige eventyrarar klatra i urørte fjellformasjonar midt i Sahara-ørkenen. Sjå dei spektakulære bileta frå den farlege ferda her!

Fjellklatring 2

Her klatrar James Pearson i ein av dei store fjellsteinane, Citadel. Ingen har klatra opp her før han.

Foto: Jimmy Chin / Bulls

– Vi var som ungar i ein godteributikk. Det var som å finne eit nytt kontinent for klatrarar, bokstaveleg talt. Eg var mållaus over det robuste landskapet, seier Jimmy Chin, klatrar og fotograf, til Daily Mail.

Saman med briten James Pearson (24) og amerikanarane Tim Kepler (30), Renan Ozturk (30), Alex Honnold (25) og Mark Synnott (40) blei han den første til å klatre opp dei spesielle fjellformasjonane ved Ennedi-platået i Tsjad.

Platået ligg midt i Sahara-ørkenen og er omgitt av sand på alle sider. Det er svært vanskeleg å kome seg dit, og difor har steinformasjonane stått urørte av menneske. Dei har lenge blitt sett på som den heilage gral i klatremiljø verda over.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fjellklatring

Parkert ved sidan av ein formasjon som blir kalla 'vinflaska', i Ennedi-ørkenen.

Foto: Jimmy Chin / Bulls

Angripne av bandittar

Reisa starta i desember og dei brukte fire dagar på å køyre gjennom ørkenenen på dårlege vegar for å nå det fjerntliggande, nesten uoppnåelege, Ennedi Plateau.

Dei erfarne klatrarane var utstyrt med tre lastebilar og mat for tre veker. Dei sov i ørkenen og måtte forsvare seg mot væpna bandittar. No og då møtte dei på grupper av nomadar som reiste på kamelar.

– Ingen hadde klatra i dette terrenget før, og i alle fall ikkje dokumentert det. Mest på grunn av at det ligg så vanskeleg til, seier Jimmy Chin.

Mark Synnott, som har klatra dei fleste store toppane i verda, var den som fekk ideen til ekspedisjonen.

– Han overtalte oss til å bli med fordi det var så utfordrande og aldri hadde blitt gjort før. Han hadde undersøkt grundig på førehand og visste at det var fleire ekstremt vanskelege passasjar på veg opp steinane, seier Chin.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fjellklatring 3

Alex Honnold gjer klatrehistorie idet han byrjar klatre oppover ein gigantisk stein, midt i Sahara-ørkenen i Tsjad.

Foto: Jimmy Chin / Bulls

– Det var ein draum

Klatrarane samanliknar reisa med å reise tilbake i tid. Dei kom over lokale innbyggjarar som brukte dagane i ørkenen til å gøyme seg for sola og varmen i stråhytter.

– Til og med i desember var det ekstrem varme der, på cirka 38 grader. Om sommaren kan termometeret nå 47 grader, seier Chin.

– Vi såg buer, klipper og fjellveggar som vi visste ikkje hadde blitt klatra i før. Dette var ein draum, det var ubegrensa med potensiale her. Vi snakkar om 3-400 meter høge fjellveggar, som berre ventar på å bli klatra i, fortel Chin.

Klatrarane bestemte seg for å klatre opp dei tolv mest imponerande steinane dei såg på dei tre vekene dei var der. Dei klatra mellom anna opp Aloba Arch, som med ei høgde på 213 meter og breidde på 91 meter, er den største frittståande steinen i verda. Jimmy Chin tok meir enn 5000 fotografi i løpet av turen.

– Det var ei oppleving for livet å vere den første til å utforske slike sjeldne og urørte klatreruter, avsluttar han.

SE VIDEO FRA BAK KAMERA:

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kulturstrøm

  • Norsk politi er på plass i Malmö – kjem frå Oslo Politidistrikt

    Eurovision-veka i Malmö er i gang, og norsk politi er på plass.

    Politidirektoratet vil ikkje seie kor mange frå norsk politi som skal hjelpe svensk politi.

    – Vi går ikkje ut med det eksakte talet på personar som skal delta, men kan stadfeste at personellet kjem frå Oslo Politidistrikt som har god kompetanse på denne typen oppdrag, skriv seksjonssjef Torgeir Haugen i ein e-post til NRK.

    I Sverige er arrangementet sett på som ein «nationell särskild händelse», som betyr eit stort politioppbod frå heile Sverige og nabolanda.

    Det er vente store demonstrasjonar i byen denne veka.

  • Nintendo varsler ny konsoll i år

    Det japanske spillselskapet Nintendo varsler at arvtakeren til deres spillkonsoll Switch vil bli presentert innen utgangen av selskapets regnskapsår, melder nyhetsbyrået AFP.

    Nintendo Switch er selskapets mestselgende konsoll noensinne. I desember 2023 var det solgt 139 millioner eksemplarer på verdensbasis.