Hopp til innhold

Fann sjeldne foto i gløymt arkiv

Etter 30 år i skjul har éin million bilete nådd dagslyset, inkludert sjeldne foto av nokre av dei viktigaste kulturpersonane i noregshistoria. Familiebedrifta Sturlason har fotografert det meste frå førre århundre.

Wenche Foss

Plutseleg dukka ein negativserie med Wenche Foss opp i det enorme arkivet. Det er mest sannsynleg ukjente og upubliserte foto av teaterdivaen.

Foto: Arkiv Sturlason

Inne i fjellet, der ligg det ein skatt. Langt inne i Riksarkivet, fem etasjar under bakken og inn i fjellveggen, er det stabla cirka 100 pappesker med til saman éin million bilete i. Her skjuler det seg gløymde historier frå heile verda. Solskinnshistorier, som då ein politimann redda ein liten hund i gatene i London. Motebilete frå Milano og Paris. Hitler og Mussolini som drikk te saman. Sjeldne bilete av store delar av den norske kulturhistoria: Henrik Ibsen, Knut Hamsun, Wenche Foss, Ivo Caprino, Sonja Henie, Leif Juster.

Berre merkelappane fortel oss at desse kassene med foto har stått urørte i lang, lang tid. «Fremmede raser. Orientalere», «Eskimoer», «Arbeidere. Kvinnelige», «Hermetisk musikk: Grammofon, plater, platebar». Ei heil mappe er via til dvergar.

– Velkomen til helvete, spøkar Espen Sturlason, dagleg leiar i Sturlason AS Polyfoto og tredje generasjon i familiebedrifta.

Himmel eller helvete, det er vanskeleg å seie. Himmel, fordi det heile tida dukkar opp nye skjulte fotoskattar her inne. Helvete, fordi det er snakk om eit enormt fotoarkiv, som foreløpig skal sorterast av tre tilsette, og det er vanskeleg å rive seg laus frå historiene bileta fortel. Noko også denne journalisten får merke.

(Artikkelen held fram under bileta)

Svein Sturlason jr.

Onsdagane og fredagane brukar Svein Sturlason til å scanne gamle bilete inne i Riksarkivet-fjellet. Men han har også ein scanner heime, i tilfelle.

Foto: Maren Kvamme Hagen / NRK
Leif Juster

Leif Juster (1910-1995), skodespelar, sparkar ein fotball medan det snør rundt han. Svein Sturlason trur kanskje det kan vere frå ein fotballkamp mellom skodespelarar, til inntekt for ideelle formål.

Foto: Arkiv Sturlason

Urørt i 30 år

Historia om fotoarkivet byrjar i 1934, då Svein A. Sturlason, farfar til Espen, startar Sturlasons Pressebyrå, som straks blir eit av dei viktigaste pressebyråa i landet.

Dei fotograferer mellom anna 1600 teaterforestillingar i Oslo mellom 1942 og 1980 og ved oppkjøp av Myres Pressebyrå får dei supplert arkivet med bilete heilt tilbake til fotografiets barndom. Eit foto av Ibsen på veg til stamkaféen Grand i Oslo er eit godt døme på det.

På midten av 1970-talet blir pressebyåret lagt ned, medan fotografibedrifta held fram. Det enorme arkivet blir lagra i ein kjellar på Majorstuen og der skal det stå i 30 år før det blir henta fram att.

Kongefamilien

Sturlason har fulgt den norske kongefamilien tett og sit på mange, mange bilete med dei som motiv.

Foto: Maren Kvamme Hagen / NRK

Då Espen Sturlason overtok familiebedrifta i 2009 etter far sin, Svein Sturlason, ville han sjå på arkivet for å sette seg inn i historia. Men han hadde ikkje noko inntrykk av kor stort det eigentleg var.

– Kjellaren var fylt med kasser og skuffer, eg kunne ikkje sjå til enden av rommet. Eg tok med meg to skuffer som stod nær døra. Der var det bilete frå den andre verdskrigen og av norske kongelege, mellom anna. Eg gjekk gjennom 4000 bilete og forstod raskt at dette var verdifullt. Det var tydeleg at dette måtte flyttast til ein trygg plass, fortel Espen.

Merkelappar

Merkelappane fortel oss at arkivet har stått urørt i lang tid.

Foto: Maren Kvamme Hagen / NRK
Henrik Ibsen

Henrik Ibsen ved Universitetsplassen i Oslo, på veg til stamkaféen Grand. Dato ukjent. Ibsen levde frå 1828 til 1906, så dette fotoet er tatt i fotografiets barndom.

Foto: Arkiv Sturlason

Slepp inn historia

Saman med far sin og historikar Hans Kristian Toft kjem han til Riksarkivet kvar onsdag og fredag for å sortere gjennom fotografia. Planen er at alle foto, inkludert teksten på baksida, skal digitaliserast. Dei går forbi kantina, inn ei heis, ned to etasjer, gjennom smale gangar med mange pappkasser, forbi menneske i kvite frakkar som forsiktig kostar av gamle bøker og bilete. Og så inn i fjellet, der dei tar seg ein kaffi.

For når historia bankar på døra, slepp du den inn. Men når hundretusenvis av historier kjem på besøk samtidig, kva gjer du då?

– Vi berre byrjar ein plass, med ei kasse eller eit bilete, prøvar å få oversikta og samle dei lause trådane. Sorterer og fotograferer materialet. Et lunsj, fortel Svein Sturlason, andre generasjon.

Glasplate

Rett som det er finn Svein Sturlason glasplatenegativ i det store fotoarkivet.

Foto: Maren Kvamme Hagen / NRK

Kvar dag dukkar det opp unike, ofte upubliserte, bilete og historier. På baksida av bileta er det skrive med sirleg handskrift av Sturlason sjølv. Datert og med namn, ikkje alltid korrekt, som mappa med «Knut Hamsund».

– Vi får stadig vekk ny inspirasjon, det er delvis derfor digitaliseringa tar så lang tid. Vi set oss ned og les teksten fordi historiene bak på bileta er så interessante, fortel Svein Sturlason.

Så langt har 10.000 fotografi med tekst blitt digitalisert.

Thorbjørn Egner

Forfattar, komponist og teiknar Thorbjørn Egner (1912-1990) i Oslo, november 1961, saman med nabolagets ungar.

Foto: Arkiv Sturlason
Ivo Caprino

Bilete av Ivo Caprino i arbeidet med 'Veslefrikk med fela'. Dette fortel sonen Remo om biletet: 'Det er min far som arbeider med lensmannen. Det er min farmor Ingeborg Gude som står til høyre i bildet, og fotograf Finn Bergan som står bak kamera. Min bestemor var modellør til alle dukker vårt studio har produsert frem til 'Flåklypa Grand Prix'. Filmen hadde premiere i 1952 og ble min fars internasjonale gjennombrudd da 'Veslefrikk med fela' vant pris for beste barnefilm ved filmfestivalen i Venezia samme år'.

Foto: Arkiv Sturlason

– Svært verdifulle

Flyttinga til Riksarkivet vart støtta av Fritt Ord og Norsk Kulturråd, men det trengst fleire midlar for at bileta skal bli gjort tilgjengeleg for publikum på Internett. Difor er ein søknad om meir pengar snart på veg til Norsk Kulturråd. Enno veit ingen det fulle omfanget av kva som skjuler seg i arkivet, men fleire historikarar har allereie meldt si interesse, etter at D2 skreiv om saka.

– Det er fascinerande å følgje med på kva dei finn, seier Vilhelm Lange, underdirektør for private samlingar i Riksarkivet.

Riksarkivet sit på mange historiske fotografi og får ofte spørsmål frå privatpersonar og forskarar om bilete som kan brukast som historiske kjelder.

– Sturlason-arkivet er svært rikholdig og gir oss betre materiale for å dokumentere slikt, enn det vi tidlegare har hatt. Det er verdifulle, spanande bilete.Krigsmaterialet er mykje større enn det vi har frå før. Det er godt dokumentert, både frå Noreg og ikkje minst frå utlandet, fordi dei har kjøpt inn bilete frå utanlandske pressebyrå, seier han.

Merkelapp Sturlason-arkivet

Mappene med bilete er sirleg merka. Det fins eigne kategoriar for 'Hovdyr og barn', 'Gnagere og barn', 'Menneske og fisk'og 'Menneske med bandasje', og det seier noko om det enorme omfanget på arkivet.

Foto: Maren Kvamme Hagen / NRK

Både tekst og bilete er kjelder til historia, og kombinasjonen av det er noko av det som gjer arkivet unikt. Men det gir også utfordringar i digitaliseringsprosessen.

– Ein må nok få til ei viss normalisering av språket, humrar Lange og tenkjer på kva som ville skjedd dersom dei gamle merkelappane var søkbare på Internett.

Jonas Lie

På besøk hos Jonas Lie (1833-1908) i Paris: ”Interiør fra Jonas Lies mangeårige hjem i Avenue de la Grand Arme no 7 i Paris. Her møttes aften efter aften Bjørnson, Kielland, Garborg, Erik Werenskiold, Eilif Petersen, Thaulow, og alt norsk åndsliv henrørende under gjesteopphold i Frankrigs hovedstad. Tilvenstre ses Jonas Lies datter, fru Asta Lie Isaachsen, Jonas Lie, sønnen Erik Lie og fru Thomasine.'

Foto: Arkiv Sturlason

Edith Piaf og Sonja Henie i New York

Han framhevar også det store person- og kulturarkivet, som vi har fått eit innblikk i. Her skjular dei fleste av dei store norske kulturpersonlegdomane seg, saman med utanlandske stjerner. Edith Piaf og Sonja Henie feirar ein boksemeister saman i New York.

Ein negativserie av Wenche Foss dukkar opp, åleine i ein konvolutt. Thor Heyerdahl, Kirsten Flagstad, Thorbjørn Egner. Alle er dei her.

Far Sturlason kan hugse tilbake.

– Der har du Leif Juster som spelar fotball i snøveir. Det kan ha vore ein fotballkamp mellom skodespelarar til inntekt for eit ideelt formål, funderar han medan han ser på eit bilete vi har funne i arkivet.

– Og der er frå innspelinga av «St.Hansfest», som var den andre filmen far produserte. Den blei ein kjempeflopp, ler han.

Far Svein A. Sturlason starta nemleg også sitt eige produksjonsselskap, Snorre Film As, som mellom anna spelte inn« Bør Børson» i 1938.

Arkivet

Espen Sturlason leitar etter norske kulturpersonlegdomar. Om han byrjar å kjede seg, står det eit bordtennisbord i rommet ved sidan av. Fem etasjar under bakken.

Foto: Maren Kvamme Hagen / NRK

Vi dreg fram eske på eske og leitar oss gjennom fotografia. Innimellom openberrar det seg glasplatenegativ og vi held dei opp mot lyset for å sjå. Eit måleri av Knut Hamsun. Postkort av Sonja Henie. Bileta ligg spreidd på golvet.

Ved eit uhell opnar garasjedøra seg inn til eit anna rom, vidare inn i fjellet. Der står det eit bordtennisbord og ingenting anna. Ingen kan nå oss på mobil.

– Av og til blir ein litt døsig av lukta av gamle fotografi, seier Sturlason tredje generasjon, Espen, og nys.

Det er vanskeleg å rive seg laus frå skattejakta. Nokre gongar blir det kveldsarbeid i tillegg til formiddagane inne i fjellet. Dei har alle biletescannerar heime, i tilfelle, noko som ikkje alltid fell i god jord hjå kona, ifølgje Svein Sturlason.

Så langt har dei berre skrapt i overflata av det som finst i arkivet. På sin eigen blogg legg dei ut smakebitar av det dei finn, og interessa er stor også frå utlandet.

Det er eit fotohistorisk fjell av dei sjeldne. Men dette er berre toppen av isfjellet.

Sonja Henie

Sonja Henie kjem til Amsterdam, juli 1939.

Foto: Arkiv Sturlason
Erik Werenskiold

Dødsfoto av Erik Werenskiold (1855-1938), norsk kunstnar og teiknar, på dødsbåra. Tidlegare var det vanleg å publisere slike foto av kjente personar. Werenskiold er kjent for sine illustrasjonar til norske folkeeventyr og Snorre.

Foto: Arkiv Sturlason

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters