Hopp til innhold

Per Kristiansen er «Anonym»

– Eg håpar avsløringa gir ro i sjela til alle som har irritert vetet av seg fordi dei ikkje visste kven eg var, sa Kristiansen på ei pressekonferanse i dag.

Video Per Kristiansen er «Anonym»

VIDEO: Per Kristiansen (t.h.) seier at pengane ikkje har hatt noko å sei for at han har skrive under 'Anonym'. Her med forleggar Erling Kagge. Foto: Scanpix.

Det er Per Kristiansen som skjuler seg bak forfattarpseudonymet «Anonym». Det avslørte Kagge Forlag tysdag morgon.

ER DU OVERRASKA OVER AVSLØRINGA? KOMMENTER UNDER!

– Mange har kravd at eg skulle stå fram etter eg skreiv «Kongepudler», seier Kristiansen.

Kristiansen vil ikkje kalle det ein personleg siger, men han vedgår likevel at han er skuffa over pressa for at dei ikkje har klart å avsløre kven han er.

– Eg hadde svart ja dersom pressa hadde spurt meg. Men det er grenser for kor lenge eg gidd å vente, seier Kristiansen.

Bakgrunn frå NRK

Han understrekar at han var veldig usikker på om han skulle stå fram no. Men då Anne Holt og Arne Strand gjekk fram og påstod det var dei, så forsvann all tvil.

Per Kristiansen er ein ukjend person i norsk samfunnsliv. Han sa på pressekonferansen at han har ein mangslungen bakgrunn, blant anna frå reklamebransjen. Han har også jobba i «Hallo i Uken» på NRK P2, som tekstforfattar og satirikar.

Kristiansen seier han har ingen konkrete planar om å skrive fleire bøker, men spøkte med tanken om å skrive ei barnebok om «Anonym».

Kvifor stod du fram i dag?

– Det som skjer i røynda i Noreg i dag er mykje meir morosamt enn det eg klarar å finne på. Så eg lar røynda styre, seier Kristiansen til NRK sin reporter på staden.

– Korleis har det vore å halde det skjult så lenge?

– Det har ikkje vore vanskeleg å halde på løyndomen. Eg har hatt mange lojale folk som eg har ledd saman med, seier Kristiansen som vedgår at kona er ein av dei få som visste om det.

Tenker ikkje på kjendisstatus

Dagleg leiar i Kagge Forlag, Erling Kagge, presenterte «Anonym» på pressekonferansen.

– «Det å vere forfattar og det å vere kjendis er motsetnader», sa Jon Fosse ein gong. Så me tok Jon Fosse på ordet. Og det gjekk betre enn me hadde førestelt oss, seier Kagge på pressekonferansen.

Sjølv seier Kristiansen at han tenkjer lite over at han sannsynlegvis kjem til å bli kjendis etter dette.

Kristiansen har skrive fire bøker under pseudonymet.

Per Kristiansen

Eit svært stort pressekorps var i dag på plass for å få med seg når 'Anonym' vart avslørt.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / Scanpix

Kulturstrøm

  • Buing under Israels øving til ESC-semifinale

    Da Israel øvde i Malmö onsdag kveld ble det buet fra salen. Ifølge opptak NRK har hørt og Aftonbladet. Den svenske avisen skriver også at sikkerhetsvakter stod langs trappen opp til scenen da den israelske artisten Eden Golan stod på scenen under generalprøven. Når den andre semifinalen går av stabelen torsdag sensurerer EBU lyden ut på lufta.

  • Får støtte frå pappa

    Den svenske artisten Eric Saade markerte støtte for Palestina under eit Eurovision-arrangement tysdag.

    No får han støtte frå pappa Walid Saade, melder Expressen.

    – Vi viser at vi finst og at det som pågår ikkje får skje, seier han til avisa.

    Besteforeldra til Eric Saade flykta frå Palestina til Libanon i 1948.

    Sweden Eurovision Song Contest Semi-Final
    Foto: Martin Meissner / AP
  • Regjeringen gir en million kroner til Rørosmartnan

    – Rørosregionen er en viktig region for Norge. En investering i kvalitet for investering for Rørosmartnan gir et godt bidrag. Sammen med det lokale næringslivet vil regjeringen bidra til at kulturhistorien og tradisjonene blir sikret på Røros og bevilge 1.000.000 kroner til Rørosmartnan, sier Jonas Gahr Støre.

    Støre var i vinter på besøk på Røros og åpnet arrangementet som første statsminister. Bidraget kommer I forbindelse med revidert nasjonalbudsjett, som legges fram 14. mai.

    – Dette er en merkedag for oss på Røros, og et viktig signal om at Rørosregionen er viktig også for hele Norge, sier ordfører Isak Veierud Busch (A).

    Støre på Rørosmartnan
    Foto: Statsministerens kontor