Hopp til innhold

NRK-serie: Vart skote på av Taliban

Journalistar hamna i kampsituasjon under TV-opptak med norske soldatar i Afghanistan.

– Det tok ikkje lang tid frå skytinga byrja til kameraet byrja å gå, seier ein av journalistane bak «Norge i krig. Oppdrag Afghanistan».

Afghanistan

Bilete tatt av ein av videojournalistane som følgde dei norske styrkane i Afghanistan. Alle dei tre journalistane hamna i kampsituasjonar under arbeidet med TV-serien.

Foto: Marius Arnesen / NRK

Tre norske videojournalistar har følgt norske soldatar i Meymaneh, Faryabprovinsen, i eit halvt år.

Dei sit på film av soldatane i kamphandlingar og blei sjølve utsett for angrep under opptak i Afghanistan.

– Dei tre journalistane har alle vore i kampsituasjonar der dei blei skote på av Taliban. Heldigvis var det så langt unna at ingen av dei vart skada, fortel Olav Njaastad, prosjektleiar for «Norge i krig. Oppdrag Afghanistan».

– Tapen rullar og går likevel

Videojournalist Klaus Erik Okstad har vore fire turar til Afghanistan det siste halvåret. Han var med dei norske styrkane då dei vart angripne midt på natta.

– Vi var førebudd på at det kunne skje, så eg hadde kameraet klart. Det tok ikkje lang tid frå dei byrja å skyte på oss til kameraet byrja å gå, fortel han om opplevinga.

– Vi går sjølvsagt i dekning når vi blir bedt om det, men tapen rullar og går likevel. Akkurat då var eg i den situasjonen at eg kunne gjere det. Kulene gjekk ikkje rett forbi meg, forklarar Okstad.

Norske soldatar i Afghanistan

'Norge i krig. Oppdrag Afghanistan' har premiere 25. april på NRK1. Kamerateamet har følgt dei norske soldatane i over eit halvt år.

Foto: Marius Arnesen / NRK

– Ei tikkande bombe

Men det var reisene rundt om i landet, med dei underliggjande farene om vegbomber og liknande, som han tenkte mest på.

– Frykta for å bli ramma av vegbomber var verst. Det var jo fleire folk som omkom av slike bomber i tidsperiodane vi var der. Vi køyrde på vegar som er veldig uoversiktlege. Det var som å sitte på ei tikkande bombe, rett og slett, seier han.

Til saman følgde dei tre videojournalistane soldatane i nesten 30 veker.

Filma soldatar i kamp

NRK gjorde ein avtale med Forsvaret om at dei kunne filme det dei ønskte, bortsett frå ved sikkerheitsmessige unntak.

Okstad meiner dei stod fritt nok til å kunne skildre det dei norske styrkane stod framfor av hinder i Afghanistan.

– Kva etiske vurderingar gjorde de rundt det å filme norske soldatar i kamphandlingar?

Norsk soldat

NRK gjorde avtale med Forsvaret om å følgje soldatane i Afghanistan. Journalistane fekk filme det aller meste.

Foto: Marius Arnesen / NRK

– Vi filma ingen som ikkje var villige til å la seg filme i ein slik situasjon. Soldatane var innforstått med at dersom vi skulle skildre konflikta, så måtte vi filme kamphandlingane også, svarer Okstad.

Soldatane har fått sjå TV-serien i ettertid, men har ikkje hatt nokon redigeringsrett, hevdar han.

Viser demokrati-hindera

Serien skal gje innblikk i det som er hovudprosjektet til dei norske styrkane i Afghanistan: Å skape sikkerheit og gje grunnlag for den demokratiske utviklinga i landet. Den viser også hindera som ligg i vegen for denne utviklinga.

– Kor sterke bilete vil TV-sjåarane få heim i stova?

– Vi viser kamphandlingar, men ingen nær-kamphandlingar, svarer prosjektleiar Olav Njaastad.

«Norge i krig. Oppdrag Afghanistan» har premiere på NRK1 25. april klokka 22.15. Dei neste fem episodene vil deretter bli sendt på NRK1 måndagar klokka 21.30.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.