Hopp til innhold

«Verdas verste song» slår Bieber

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Trass i kritikk, håning og parodiar: 13 år gamle Rebecca Black klatrar hitlistene med songen «Friday». No sel ho bedre enn Justin Bieber.

GERMANY/

Justin Bieber er ei av verdas største popstjerner. No har Rebecca Black gått forbi han på singlelista til Itunes.

Foto: POOL / Reuters

Tenåringen Rebecca Black blei kjent over natta då ho la ut songen «Friday» på YouTube for ein månad sidan.

Ho kan takke ivrige bloggarar og komikarar for den store merksemda. Låta har nemleg blitt parodiert tallause gongar, og hatet mot songen er mildt sagt stort på nettet.

Men videoen er sett av heile 33 millionar på YouTube, og klatrar no på Itunes singleliste. Denne veka er «Friday» på 25. plass, fire plassar over Justin Bieber og hans hit «Never Say Never».

– Eit nytt nivå av dårleg

Bloggarar over heile verda irriterer seg over den nye tenåringsstjerna. Av dei 33 millionane som har sett YouTube-videoen har 243.955 tatt seg bryet med å trykkje på knappen «Likar ikkje». Knappe 28.655 har trykt «Likar».

Spesielt er det teksten som har sett sinna i kok.

We`re so excited/ We gonna have a ball today/ Tomorrow is Saturday/ And Sunday comes afterwards.

Rebecca Black, «Friday»

– Eit heilt nytt nivå av dårleg. Black blir ikkje den nye Miley Cyrus, men ho kan ha ei framtid som komikar, kommenterer Time Magazine.

Dei hatske kommentarane vart så mange at plateselskapet til Black, Los Angeles-baserte Ark Music Factory, tilbaud seg å fjerne videoen frå nettstaden. Men Black nekta å gje «hatarane» den gleda, ifølgje The Telegraph.

Bob Dylan-parodi

Det ligg fleire parodiar av songen ute på YouTube.

Blant anna har nokon lagt ut ein song med ei stemme som minner om Bob Dylan. Men teksten er langt frå dylansk.

Mange har parodiert Friday-låta. Her er ein versjon som liknar mistenkjeleg mykje på Bob Dylan.

Skaper nye Bieber-stjerner

Plateselskapet Ark Music Factory har spesialisert seg på å finne unge songarar i alderen 13 til 17 år. Dei spelar inn ferdigskrivne låtar i studio, og så blir videoane lagt ut på YouTube i håp om å skape nye Justin Bieber-stjerner.

No har plateselskapet nådd målet sitt.

«Med dette har dei fått sin første hit, og vi håpar det blir deira siste», skriv nettstaden Yahoo, som kallar «Friday» verdas verste song.

På nettstaden til Ark Music Factory får ein møte jenta som får skulda for å ha introdusert plateselskapet for Rebecca Black, Alana Lee.

Kanskje blir ho deira neste YouTube-stjerne?

Ark Music Factory

Hatet mot Rebecca Black er stort ute i bloggsfæren. På nettsida til plateselskapet kjem det fram at det er ei jente ved namn Alana Lee som introduserte Black for plateselskapet. Ho kan bli deira neste stjerne.

Foto: Skjermdump

7:45, we’re drivin’ on the highway. Cruisin’ so fast, I want time to fly. Fun, fun, think about fun. You know what it is. I got this, you got this. My friend is by my right. I got this, you got this. Now you know it.

Rebecca Black i «Friday»

Les heile «Friday»-teksten her.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.
Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kulturstrøm

  • Låter fra Universal Music på vei tilbake til TikTok

    Musikk fra Universal Music vil igjen bli tilgjengelig på videoplattformen TikTok, melder partene i en pressemelding.

    Det skjer etter at partene har blitt enige om en ny lisensavtale.

    Universal Musics musikk har vært borte fra TikTok siden 1. februar i år.

    Universal Music mente den gang at TikTok forsøkte å bygge en musikkbasert virksomhet uten rettferdig betaling for musikken.

  • Gitarlegenden Duane Eddy er død

    Eddy døde av kreft på sykehuset Williamson Health, opplyser kona Deed Abbate, ifølge nyhetsbyrået AP.

    Duane Eddy var født i delstaten New York, men bodde i Arizona da han fikk sitt store gjennombrudd med låten «Rebel-'Rouser» i 1958. Han ble også kjent for blant annet «Because They're Young» og sin versjon av Henry Mancinis «Peter Gunn».

    Eddy betegnes som en av rockehistoriens mest innflytelsesrike instrumentalister og var en stor inspirasjonskilde for artister som George Harrison, Bruce Springsteen og John Fogerty, skriver Guitar World.

    (NTB)

    Duane Eddy under Stagecoach Music Festival i Indio i California i 2014.
    Foto: AP
  • Fausa og Antonsen til scenen sammen

    Atle Antonsen, Trond Fausa og Vidar Magnussen er blant skuespillerne som er klare for komedien «Peter Pan går til helvete» på Chateau Neuf i januar 2025.

    Ifølge en pressemelding blir oppsetningen den første norske versjonen av «Peter Pan Goes Wrong», som er spilt på Broadway og West End tidligere.

    Kim Haugen skal regissere og Bjarte Hjelmeland er produsent, og også Siw Anita Andersen, Nils-Ingar Aadne, Kristine Grændsen, Jan Martin Johnsen, Modou Bah og Tiril Heide-Steen står på rollelisten.

    Lena Kristin Ellingsen og Trond Fausa Aurvag på «Oppenheimer»-premiere i London i 2023.
    Foto: Vianney Le Caer / Invision / AP