Hopp til innhold

Dame Joan Sutherland er død

Ein av dei største opera-sopranane på 1900-talet, australske Dame Joan Sutherland er død.

Dame Joan Sutherland

Dame Joan Sutherland er død, 83 år gammal.

Foto: J. SCOTT APPLEWHITE / Ap

Dame Joan Sutherland døydde søndag kveld, 83 år gammal, opplyser familien måndag. Ho døydde i sin eigen heim i Sveits, etter lang tids sjukdom.

– Ho var ein karismatisk person, ein ekstraordinær viritous, ein myte, ei stor Dame innan operaen, seier Tobias Richter, sjef for Geneve Grand Theatre til AFP.

Tidlegare operasjef Bjørn Simensen sat for nokre år sidan i juryen til Dronning Sonjas Internasjonale Musikkonkurranse saman med Dame Joan Sutherland.

– Ho hadde ein perfekt vokal, som ein knapt har høyrt maken til, seier Simensen.

Dame Joan Sutherland vart fødd i Sydney 7. november 1926, og debuterte på operascena i Australia mot slutten av 1940-åra. Få år seinare gjorde ho store roller på dei europeiske opera-scenene. Ho spelte også inn dei viktigaste sopran-rollene, til dømes Violetta i La Traviata og Gilda i Rigoletto.

– Det som var spesielt at ho prega repertoaret, særleg frå 1959, det er uvanleg at ein pregar operascena i så mange år, seier Simensen.

Sutherland vart sett på som ein revitaliserar av den italienske «bel canto»-tradisjonen i lag med Maria Callas. I løpet av karrieren song ho med fleire store stjerner i hennar tid, mellom anna Placido Domingo, Maria Callas og Luciano Pavarotti.

– Joan Sutherland har århundrets største stemme, sa Pavarotti ein gong om henne.

Pavarotti og Sutherland

Sutherland (t.h.) song mellom anna med Pavarotti.

Foto: AP

I 1979 vart ho adla til Dame Joan Sutherland. Ho avslutta karrieren som operasongar for 20 år sidan, med ein serie framsyningar i Sydney Opera House.

– Etter hennar eige ynske vert gravferda lita og privat, opplyser familien.

Kulturstrøm

  • Norsk politi er på plass i Malmö – kjem frå Oslo Politidistrikt

    Eurovision-veka i Malmö er i gang, og norsk politi er på plass.

    Politidirektoratet vil ikkje seie kor mange frå norsk politi som skal hjelpe svensk politi.

    – Vi går ikkje ut med det eksakte talet på personar som skal delta, men kan stadfeste at personellet kjem frå Oslo Politidistrikt som har god kompetanse på denne typen oppdrag, skriv seksjonssjef Torgeir Haugen i ein e-post til NRK.

    I Sverige er arrangementet sett på som ein «nationell särskild händelse», som betyr eit stort politioppbod frå heile Sverige og nabolanda.

    Det er vente store demonstrasjonar i byen denne veka.

  • Nintendo varsler ny konsoll i år

    Det japanske spillselskapet Nintendo varsler at arvtakeren til deres spillkonsoll Switch vil bli presentert innen utgangen av selskapets regnskapsår, melder nyhetsbyrået AFP.

    Nintendo Switch er selskapets mestselgende konsoll noensinne. I desember 2023 var det solgt 139 millioner eksemplarer på verdensbasis.