Svært mange norske romandebutantar hentar tema frå eigen barndom og ungdom, som i varierande grad er kamuflert og omgjort til fri dikting. Vi får lese om barn som kjenner seg annleis og som ikkje har det så enkelt, men som greier seg.
Slik er det også i debutromanen «Fars hus». Og boka kan stå som eit skuleeksempel på at generaliseringar er ein lumsk affære. For her er det både barndom og annleis, men likevel er boka, ja, annleis.
Ikkje planlagt
Adelheid Seyfarth. Foto Aschehoug
Mina er eit ikkje planlagt resultat av kjærleiken mellom ei jente frå Solør og ein mann frå Kenya. Mannen dreg tilbake til heimlandet, Mina veks opp hjå bestemor i Solør, og mor studerer filosofi på Blindern.
I feriane fortel mor om solidaritet og klassesamfunn, på TVn er Afrika ein stad der barn svelt i hel, og i Solør går livet sin gang med fjøsstell og kvinneforening. Det blir mange verdenar som Mina flettar saman med barnets ofte originale sans for logikk.
Bestemor tilhører en klasse, bestefar en annen og julenissen en tredje, det er en evig strid, men veldig stabilt. Om sommeren fisker bestefar før han drar. Men det hjelper ham ikke; han er ikke filosof, og han eier ikke bakgrunn. Når han er reist står bestemor igjen med julenissen som er klassefiende og oldemor som ser under kanten. En typisk kvinneskjebne.
Leiter etter far
Dette er bra, men verkeleg annleis blir romanen når den vaksne Mina dreg til Kenya for å leite etter far. Det er ei reise som etterkvart blir ein tilstand; den ytre reisa set i gang ei indre utvikling, slik ei kvar god skildring av ei reise skal. Men denne reisa er temmeleg spesiell, det handlar om å leite fram ein far ho aldri har møtt i ein kultur hovudpersonen har lite erfaring med.
Det finst ein tradisjon der kvit mann skriv om Afrika, og det finst ein - rettnok kortare- tradisjon der afrikanarar skriv tilbake. Begge variantar har sine klisjear og sine fallgruber.
For langt
Mina er ei farga kvinne som møter Afrika med Finnskogen som kulturell bagasje og dermed er ein del klisjear automatisk ute av spel og det er godt for romanen, som altså blir ein tilstand og ein stillstand med god grunn, det illustrerer eit poeng.
Likevel: alle debutromanar over 400 sider er for lange. Denne også. Det blir for omstendeleg til tider, det blir det. Men "Fars hus" er både viktig, aktuell og vakker, og då er det berre å bere over med dimensjonane.
Kulturnytt, NRK P2, 24. oktober 200