Hopp til innhold

– Noko av det vanskelegaste eg har gjort

Jon Fosse si forteljing Og så kan hunden komme blir laurdag framført på scenen for første gong. – Dette er noko av det vanskelegaste eg har gjort, seier den erfarne skodespelaren Paul Ottar Haga.

Paul Ottar Haga

Paul Ottar Haga som hemngjerrig hundeeigar med høygaffel i «Og så kan hunden komme».

Foto: Espen Storhaug / Nord-Trøndelag Teater

Laurdag har Nord-Trøndelag Teater si oppsetjing Og så kan hunden komme urpremiere i Steinkjer. Stykket byggjer på ei forteljing av Jon Fosse frå 1993 som den svenske regissøren Leif Stinnerbom har dramatisert.

Daniel Sandén-Warg

Daniel-Sandén-Warg spelar fele, nøkkelharpe og munnharpe under framsyninga.

Foto: Espen Storhaug / Nord-Trøndelag Teater

Den svenske spelemannen Daniel Sandén-Warg, no busett i Setesdal, er på scenen under heile framsyninga og speler fele, nøkkelharpe, munnharpe og perkusjon. Han seier at stykket truleg er det mest krevjande han har gjort i teatersamanheng.

– Stykket minner om ein hardingfeleslått, det byggjer på bittesmå tema som vert gjentekne mange gonger. Når skodespelaren gjentek same setninga fire-fem gonger med ørsmå variasjonar, må eg vere svært merksam for å kome inn rett stad.

– Det er lett å spore av

– Det er veldig spanande å kunne ha ein medspelar som både er stemningsskapar og kommentator til handlinga, seier Paul Ottar Haga, som er den einaste skodespelaren i stykket.

Hovudpersonen i Og så kan hunden komme er ein einstøing av ein hundeeigar som ein dag finn ut at naboen, som han mislikar i utgangspunktet, har skote hunden hans. Forteljinga skildrar sinnet som byggjer seg opp mot hundeeigarens hemn, og alle kjenslene etterpå.

– Som for Daniel, er dette også noko av det vanskelegaste eg har gjort. Teksten er svært repeterande, hovudpersonen tenkjer stadig det same, berre med ein liten vri, så det er lett å spore av. Samspelet med musikken hjelper meg veldig i å halde driven framover i framsyninga, seier Haga.

Paul Ottar Haga og Daniel Sandén-Warg

Paul Ottar Haga og Daniel Sandén-Warg i tett samspel ved Nord-Trøndelag Teater.

Foto: Espen Storhaug / Nord-Trøndelag Teater

– Ein svært musikalsk forfattar

Regissør Leif Stinnerbom er teatersjef ved Västanå teater i Sunne og har ei rekkje oppsetjingar med musikkteater bak seg også i Noreg – ofte i samarbeid med sonen Magnus Stinnerbom, som har komponert musikken til Og så kan hunden komme.

– Eg opplever Jon Fosse som ein svært musikalsk forfattar, seier Leif Stinnerbom.

– Når eg les tekstane hans, kjenner eg ein rytme og puls som til tider blir ordmusikk det verkeleg svingar av. Denne forteljinga er ei fantastisk spennande historie som eg allereie for mange år sidan tenkte ville passe godt som teaterframsyning.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.