Hopp til innhold

10 år med spektakulære rom-foto

La deg trollbinde av dei utanomjordiske motiva frå Spitzer-teleskopet sine ti år i rommet.

25. august 2003 vart NASAs Spitzer-teleskop skoten opp i rommet frå Cape Canaveral i Florida.

Sidan den gongen har teleskopet gått i bane omkring sola og gitt oss utanomjordisk vakre motiv av fjerne stjernetåker, galaksar og kometar. Eit utval av motiva kan du nyte i biletgalleriet over.

I løpet av ti års teneste har teleskopet gitt astronomar ny innsikt i både det nære og det fjerne verdsrommet, og også ført til nye og uventa oppdagingar.

– Eg var sikker på at Spitzer ville fungere, men eg hadde ikkje venta at han ville bli så produktiv, spennande og leve så lenge som han har gjort, seier leiar for Spitzer-teamet Michael Werner ved NASAs Jet Propulsion Laboratory i ei pressemelding.

Oppdaga ny Saturn-ring

Det knappe 850 kilo tunge romobservatoriet ser på stjernehimmelen i infraraude bølgjelengder, noko som betyr at han fangar opp varmestråling som blir sendt ut frå objekt i verdsrommet.

Dei første åra av oppdraget var Spitzers auge retta mot dei fjernaste og kaldaste objekta i rommet, noko som gjorde at instrumenta og linsa måtte kjølast ned til berre nokre få grader over det absolutte nullpunkt (-273,15 grader Celsius).

Då den kjølande heliumvæska var brukt opp, gjekk romteleskopet over til å fange opp «varmare» varmestråling, det vil seie infraraud stråling med kortare bølgjelengder.

Blant dei større overraskingane astronomane har fått, er Spitzers oppdaging av ein ny ring rundt planeten Saturn.

Ringen, som er den største av Saturns mange ringar, er eit tynt band av is og støvpartiklar som er lite synleg i vanleg lys, men vart fanga opp av Spitzers infraraude detektorar.

Fanga lys frå framand klode

Men romteleskopet har også speida langt utanfor vårt heimlege solsystem.

Spitzer var blant anna det første teleskopet som fanga opp lys frå ein framand klode i eit anna solsystem 63 lysår unna jorda, ein gassgigant kalla HD 189733b.

Ved å følgje planeten i bane rundt moderstjerna målte romobservatoriet varmestråling frå heile overflata av planeten, slik at astronomane kunne lage eit fullstendig temperaturkart over planeten.

Temperaturkart over eksoplanet HD 189733b

Temperaturkart over eksoplanet HD 189733b basert på målingar frå Spitzer-teleskopet. Di lysare farge, di varmare er overflata.

Foto: NASA/JPL-Caltech/Harvard-Smithsonian CfA

Spitzers studiar av slike eksotiske verder har revolusjonert studiar av eksoplanetatmosfærer.

Romteleskopet har også gitt oss eit nytt og forbetra kart av spiral-armstrukturen til heimgalaksen vår, Mjølkevegen, og saman med Hubble-teleskopet har Spitzer oppdaga at dei mest fjerne galaksane i universet er større og meir utvikla enn vi hadde venta.