Hopp til innhold

Knipsa bilete av djevel­komet – hamnar i Nasa-arkiv

Ein mogleg vulkansk djevelkomet passerer jordkloden kvart 71. år. Biletet Jan Erik knipsa frå heimgarden i Sunnfjord har no nådd Nasa.

Jan Erik Vallestad

Dette biletet er teke heime på tunet til hobbyfotograf Jan Erik Vallestad. Det har fått stor internasjonal merksemd.

Foto: Jan Erik Vallestad

Har du nokon gong prøvd å fange himmelen med kameraet? Ein glødande soloppgang eller fullmåne over kvite fjell gjer seg ikkje alltid like godt på bilete.

Men nokon får det til.

Då den såkalla djevelkometen kom susande forbi tunet til Jan Erik Vallestad, tok han eit bilete som vart så godt at det no hamnar i Nasa sitt biletearkiv.

Det var Firda som skreiv om dette først.

Korleis gjorde han det?

«Nær-jorda-objekt»

Men først litt om kometen. Han er gigantisk og har kurs i retning planeten vår.

Det eigentlege namnet er «12P/Pons-Brooks». Nasa har klassifisert kometen som eit «nær-jorda-objekt».

Fordi han er så stor – faktisk dobbelt så stor som verdas høgste fjell – kan ein vere heldig og sjå han sjølv utan teleskop, om ein veit kor ein skal kikke.

– Biletet er utruleg kult. Vi ser kometen, og vi ser og ein god del artige fargar på han. Vi ser hovudet og ein fin hale som heng etter, seier Josephine Salice, som er astrofysikar ved Birkelandsenteret ved UiB.

«Horna» kan skuldast at kometen spyr ut gass og støv, trur astronomar.

– Det å kalle det ein djevelkomet, er eigentleg berre fordi det på eit tidspunkt var to stadar på kometen der litt ekstra gass eller støv vart spylt ut, slik at det såg ut som han hadde to horn, akkurat som djevelen.

Det kan vere ein vulkansk komet, men dette er det usemje om. Av dei 4000 kometane i solsystemet, er djevelkometen ein av 20 som ein mistenker at har vulkansk aktivitet på seg.

Jan Erik Vallestad, djevelkometen

Biletet er tilsett fargedata, fortel fotografen.

Foto: Jan Erik Vallestad

Kometar kan ein sjå årleg, men dei av denne typen er sjeldnare.

– Denne kometen forsvinn langt ut i solsystemet vårt. Og så kjem den attende, nærare jorda i løpet av 71 år. Så det er kanskje berre nokre år i løpet av livet ditt der du får sjansen til det. Så akkurat dette bildet er jo ganske spesielt, seier Salice.

Enda opp hjå Nasa

– Eg fekk ein moglegheit, så då måtte eg prøve, fortel Vallestad.

Han hadde i utgangspunkt avskrive å fotografere kometen, men vart overtala av medlemmane i eit nettforum han er med i om at det kunne verte mogleg med gode bilete frå tunet på Holsen i Sunnfjord likevel.

Ved hjelp av ein app fekk han sjå korleis kometen ville bevege seg. Han la inn ulike objekt og tidspunkt, og kom fram til at han hadde ei tidsramme på omtrent to timar kvar kveld i den månaden kometen er på tur forbi jordkloden.

Etter seks timar fordelt på tre kveldar, fekk han endeleg ei gyllen lomme.

Jan Erik Vallestad

Hobbyfotografen vert ikkje stressa av å tenke på verdsrommet – sjølv om han nok kunne blitt det om han prøvde.

Foto: Privat

Då han la bileta inn i redigeringsprogrammet, tenkte han at han hadde med eit heilt vanleg fotografi å gjere.

– Men eg såg jo ganske raskt at her var det noko meir. Plutseleg vart spenninga veldig stor.

Biletet har hausta reaksjonar og lovord frå heile verda. Størst av alt er kanskje at det hamnar i APOD, det offisielle bildearkivet til Nasa.

Om fleire har lyst til å få til det, er det nokre ting ein treng, seier Vallestad:

  • Godt kamerautstyr med lang lukkartid.
  • Litt ferdigheiter når det gjeld redigering.
  • Fordi kometen flytter seg på himmelen under eksponeringa, må ein ha eit kamerastativ som lar kamera følge objektet.
  • God planlegging.
  • Litt flaks.

Jan Erik Vallestad, djevelkometen

Dette er eit reint luminansbilete utan støybehandling for å ta vare på dei finaste detaljane, fortel Vallestad. Luminans er der ein samlar inn eit breitt spekter av lys for å få mest mogleg signal og mindre støy.

Foto: Jan Erik Vallestad

Vert ikkje stressa av å tenke på verdsrommet

– Eg smiler jo litt. Det er ei viss anerkjenning i det, sjølv om eg ikkje skal selje skinnet før bjørnen er skoten, seier Vallestad om prestasjonen.

Han vart tidleg fascinert av verdsrommet. Som liten gut pleidde han å legge seg ned ute i snøen og berre kike på det som var der oppe.

Han vaks opp på ein gard i Viksdalen heilt utan ljosforureining, og himmelen på veg til og frå fjøsen var overveldande.

– Men eg hadde aldri sett føre meg at det kunne gå an å drive med astrofotografi her. Vi har jo ikkje akkurat dei same føresetnadane som dei i Nasa. Men det er altså mogleg.