Hopp til innhold

Her er det nyttårsaftan kvar 8.5 time

Nyoppdaga eksoplanet gjer unna ei runde rundt moder-stjerna på rekordtid.

Kepler 78b

Planeten Kepler 78b går i bane så nær sola at han har ei overflate av smelta lava.

Foto: Cristina Sanchis Ojeda/MIT

I løpet av litt meir enn ein vanleg arbeidsdag på jorda, har den nyoppdaga planeten Kepler-78b allereie gått ein heil runde rundt sola si, og dermed fullført eit år.

Viss vi samanliknar med vårt heimlege solsystem er planeten 40 gongar nærare stjerna si enn det Merkur er sola, ifølgje ei pressemelding.

Planeten er omtrent like stor som vår eigen jordklode, men ifølgje forskarane som oppdaga han er moglegheit for liv lik null.

Med overflatetemperaturar på rundt 2000-3000 grader celsius, utgjer det øvste laget av planeten mest sannsynleg eit hav av smelta lava.

Leita etter ekstreme tilfelle

Planeten med det ultrakorte året vart oppdaga ved hjelp av NASAs Kepler-teleskop i eit område av Mjølkevegen 700 lysår unna oss.

Forskarane ved Massachusets Institute of Technology (MIT) var interessert i å finne ut kor kort omløpstid det var mogleg for ein planet å ha. Dei leita derfor spesielt etter eksoplanetar som går i bane svært nær moderstjerna.

–Ein av dei overraskande funna i vårt felt er at planetar kan vere svært nære stjernene deira. Vi var interessert i å finne ut kva som er det mest ekstreme tilfellet av ein planet som er mest mogleg nær ei stjerne, seier medforfattar på studien, Josh Winn ved MIT, til Huffington post.

Omløpsfarten til Kepler-78b er ein av dei kortaste som er kjent. Planeten har ein avstand til moderstjerna som er berre om lag tre gongar radiusen til stjerna.

Den same forskargruppa har tidlegare rapportert funn om ein planet med omløpstid på litt over 4 timar.

– Ville bli riven i filler

Omløpstida rundt ein planet kan gi viktig informasjon om kva samansetning planeten har, fortel professor Øystein Elgarøy til NRK.no.

For å kunne overleve svært tett på moderstjerna, er planeten avhengig av å ha høg tettleik.

–Ein gassplanet som Jupiter ville bli riven i filler viss han hadde ei omløpsfart på berre nokre få timar slik det er snakk om her, seier Elgarøy.

Eit opphald på Kepler-78b høyrest ut som ein svimmel karuselltur. Men bortsett frå at det er nyttårsaftan kvar 8,5 time, ville du faktisk merke fint lite til planetens raske rotasjon:

–Står du på planeten, vil du ikkje merke nokon ting, forsikrar professor i astrofysikk Øystein Elgarøy ved Universitetet i Oslo.

– Vi merkar jo ikkje at jorda går i bane rundt sola, og heller ikkje at planeten vår roterer rundt sin eigen akse. Det tok oss nokre tusen år å oppdage det.