Hopp til innhold

Sjeldan tiger fanga på film

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ein søskenflokk på tre er blant dei heile tolv tigrane som blitt filma av kamera i eit fellingstrua skogområde på Sumatra.

Tigerteamet frå WWF Indonesia vart svært overraska då dei såg gjennom filmmaterialet frå kamera utplassert i skogområdet Bukit Tigapuluh.

I løpet av berre to månader med filming hadde kameraa filma heile tolv ulike individ av den trua arten sumatratiger (sjå faktaboks).

Leiken søskenflokk

Tigerungar leiker med lauv

To tigerungar leikar med eit lauv dei finn på bakken i skogområdet Bukit Tigapuluh.

Foto: PHKA / Afp

Videoopptaka viser blant anna ein leiken søskenflokk på tre tigerungar.

Dei nyfikne ungane er tydelegvis svært interesserte i kameraet, og i videoen kan vi sjå at dei stadig er tett opp til linsa for å undersøke kva dette er.

Opptaka er gjort av automatiske kamera som er plassert omkring i skogen, og som går i opptak når dei registrerer rørsle. Individa som er filma høyrer til to ulike tigerfamiliar.

Fare for nedhogging

Sumatratiger med unge

Ei tigermor med unge fanga på film.

Foto: PHKA / Afp

– Det som er uklart, er om vi finn så mange tigrar fordi vi har blitt betre til å plassere kameraa våre, eller om årsaka er at tigerens habitat krympar så raskt at dei blir pressa til å dele stadig mindre og mindre område av skogen, seier Karmila Parkassi, leiar av WWF sitt tigerteam i Sumatra.

Skogen der tigrane har blitt filma har blitt erklært globalt prioritert tigerbevaringsområde for å redde den svært utsette arten. Likevel står skogområdet i følgje WWF i akutt fare for å bli hogd ned av papirindustrien.

På verdsbasis har tigerbestanden falt frå om lag 100 000 individ på byrjinga av 1900-talet, til berre nokre få tusen i dag.

Sumatratigrar på nattevandring

Ein tigerunge følgjer etter mora si ein sein nattetime og blir foreviga av eit infraraudt kamera.

Foto: PHKA / Afp

Mellom 2004 og 2010 har området Bukit Tigapuluh mista over 2000 kvadratkilometer skog til papirindustrien.

– Videoen beviser kor viktig denne skogen er for økosystemet i området og som grønn korridor, seier Anwar Purwoto, leiar for WWF-Indonesia sitt skogs- og artsprogram.