NRK Meny
Normal

Skalla papegøye og 4 meter lang anakonda blant nyoppdaga artar i Amazonas

På ti år vart det oppdaga minst 1220 nye artar i Amazonas viser ein ny rapport frå WWF. Dette tilsvarar funn av ein ny art kvar tredre dag. Sjå biletserie med nokre av dei nye artane her.

I rapporten Amazone Alive! som vart publisert av WWF i dag, kjem det fram at det er oppdaga minst 1200 nye artar i regnskogen i Amazonas i løpet av perioden 1999-2009.

Pattedyr, amfibium og reptil

– Denne rapporten stadfestar kor viktig livet i Amazonas er, seier pressetalskvinne Heidi Katrine Bang i WWF Noreg til NRK. Den viser også kor lite vi framleis veit om dyre-og planteriket i Amazonas, held Bang fram.

Ephebopus cyanognathus

Minst 503 nye edderkoppartar er skildra i Amazonas. Her edderkoppen Ephebopus cyanognathus med vakre blå giftklør.

Foto: WWF/Peter Conheim

Mico acariensis

Den 24 cm høge Rio Acari-silkeapen er ein av 39 nye pattedyrartar som er oppdaga i Amazonas.

Foto: WWF/Georges Néron
Blant dei nye artane finn vi 637 plantar, 257 fiskar, 216 amfibium, 55 reptil, 16 fuglar og 39 pattedyr.

I tillegg kjem mange tusen nyoppdaga virvellause dyr, som blant anna famnar insekt og edderkoppdyr, som enno ikkje er dekte i detalj i rapporten frå WWF, rett og slett fordi det er så enormt mange av dei.

Avskoging

Rask avskoging truar i dag regnskogen i Amazonas. Dersom avskoginga held fram med same fart som i dag, vil 55 % av regnskogen vere borte innan år 2030, hevdar WWF.

–På grunn av øydelegging og utvikling som ikkje er bærekraftig risikerer vi at artane blir utrydda lenge før vi har fått oppdaga dei, seier Bang.

Noreg har gjennom ein avtale med Amazonasfondet forplikta seg til å bidra med opp til 1 milliard amerikanske dollar fram til 2015 for å hindre avskoging i Amazonas.

Rapporten frå WWF vart lagt fram på FNs konferanse for artsmangfald i Nagoya i Japan for å setje søkelys på tap av artsmangfald i Amazonas.

  • Høyr lyd frå Verdt å vite: