Norske forskarar med gjennombrot i målstyrt kreftbehandling

Ein ny metode kan føre fram til ein effektiv metode for å behandle kreft med kroppens eigne immunceller.

Immuncelle

Kreftpasientars eigne immunceller kan bli genmodifisert til å drepe kreftceller. Biletet viser ein T-lymfocytt sett i elektronmikroskop.

Foto: NIAID, CC

Forskarar ved Universitetet i Oslo har funne ein metode som kan føre til målstyrt kreftbehandling mot fleire krefttypar.

Metoden gjer det lettare å finne dei rette gena som kan få kroppens eigne immunceller til å drepe kreftceller.

Det er professor Johanna Olweus og kollegaer ved Institutt for kreftforskning, Universitetet i Oslo, og K.G. Jebsen-senter for immunterapi mot kreft som står bak gjennombrotet saman med nederlandske forskarar.

–Det Olweus har funne ut her er at kreftceller viser fram mange markørar som kan nyttast som potensielle mål for immunceller. Det er ein svært interessant observasjon, som absolutt kan få tyding i kreftbehandling, seier professor Magne Børset ved Institutt for kreftforskning og molekylær medisin ved NTNU til NRK.no.

Finne riktige mål

Johanna Olweus og Shraddha Kumari

Professor Johanna Olweus saman med forskar Shraddha Kumari som står som førsteforfattar på studien.

Foto: Universitetet i Oslo

Immunterapi er ein nyttar komponentar frå kroppens eige immunsystem til å drepe kreftceller.

–Immunsystemet vårt er primært utvikla for å verne oss mot infeksjonar, og ikkje mot kreft. Det som er utfordringa med immunterapi er å få immunsystemet til å tru at kreftcellene er ein infeksjon, og då må dei ha nokre mål å rette seg mot, fortel professor Johanna Olweus som er leiar for K.G. Jebsen-senter for immunterapi mot kreft.

Ein stor avgrensing for å kunne gjere denne type behandling, har vore å finne dei riktige måla på kreftcellene.

Virusinfiserte celler er lett attkjennande som framande for immunsystemet, fordi dei viser fram framande protein på overflata av cellene.

Kreftceller blir derimot ofte ikkje oppfatta som framande av immunsystemet.

–Målstyrt rakett

No har Olweus og hennar kollegaer sett opp ein heilt ny teknologiplattform som gjer at ein raskt kan identifisere nye gjenkjennbare mål for immuncellene på ein og same krefttype. Resultata er nyleg publisert i Proceedings of the National Academy of Sciences USA.

I første omgang kombinerer forskarane bitar frå normale protein med proteinbitar som er framande for immuncellene. Det normale proteinet finst i kreftcellene og normale celler som kreften utgår frå, men ikkje i andre normale celler. Deretter identifiserer forskarane immuncellene som går til åtak på desse måla.

–Desse immuncellene kjenner att og angrip kreftcellene med eit protein som ein kan samanlikne med ein målstyrt rakett, fortel Olweus.

Forskarane kan så ta ut pasientens eigne immunceller, putte inn genkoden for den målstyrte raketten, og sette cellene tilbake i pasientens kropp. Immuncellene vil då kunne oppsøke kreftcellene der dei er, også om kreften har spreidd seg til fleire organ.

Immunterapi for kreft.

Slik skal kroppens eigne immunceller bli lurt til å drepe kreftceller.

Foto: Johanna Olweus, Universitetet i Oslo

–Ein revolusjon

Det er dette som er den store fordelen med denne behandlingsstrategien, ifølgje Olweus.

–Det er svært vanskeleg å behandle spreiing i organ der du ikkje kan gi tradisjonell kreftbehandling som stråling og cellegift i så store dosar at det har ein effekt, utan at du samtidig skadar pasienten alvorleg. Derfor er dette verkeleg ein revolusjon, seier professoren.

–Det vi har gjort er å finne nye mål for immuncellene i leukemi og lymfekreftceller. Men metoden kan i prinsippet nyttast på alle krefttypar, seier Olweus.

Avgrensinga er at ein berre kan bruke behandlinga på organ som ein kan klare seg utan, eller som kan erstattast ved transplantasjon, fordi immuncellene også vil drepe dei normale cellene som krefttypen går ut frå.

Forskarane håpar å kunne prøve behandlinga retta mot dei nye målproteina på pasientar i løpet av eit par år.

– Potent behandling

–Kan ikkje noko gå galt når ein slepp laus desse modifiserte immunceller i kroppen?

–Noko kan absolutt gå galt. Det er nesten ingen effektiv medisinsk behandling som ikkje har bivirkningar, men immunterapi ser likevel ut til å ha lite bivirkningar i forhold til andre kreftbehandlingar fordi han er så spesfikk. Likevel kan det hende at immuncellene også kan kjenne att andre celler i kroppen enn kreftcellene, seier Olweus.

I tillegg er det slik at når kreftcellene blir drepne blir det også frigitt stoff i kroppen som kan føre til betennelsesreaksjonar. Derfor må ein stå klar med behandling for dette.

–Det har vore dødsfall med immunterapi, det er viktig å vere klar over, seier Olweus.

Likevel meiner ho at immunterapi har klare fordelar:

–Immunterapi er eit felt som det er svært morosamt å vere i for tida, for her har det skjedd eit paradigmeskifte. No trur eg dei aller fleste har snudd frå skepsis til at dette er behandling som er verkeleg er potent og som kan gjere ein forskjell. Noko av det revolusjonerande med immunterapi er at det har ein spesifisitet som ein ikkje har med anna behandling, som til dømes cellegift og stråling som drep alle celler som deler seg hurtig utan å ta særleg omsyn til om det er normale celler eller kreftceller.