Hopp til innhold

Laga tryggare kreftbehandling på ekte «MacGyver»-vis

Oppfinnarglede, mykje vilje og rimeleg utstyr frå vanlege butikkar. Slik laga fysikar Christer Jensen ei tryggare behandling for brystkreft. På sikt håper han å kommersialisere løysinga.

Smart tenking har gitt tryggare behandling for brystkreft ved sjukehuset i Ålesund. Pustestyrt strålebehandling er ettertrakta, men utstyret er for dyrt for dei fleste sjukehusa i Norge. Det har fysikaren ved kreftavdelinga i Ålesund gjort noko med.

Den oppfinnsame fysikaren har gjort behandlinga for brystkreft tryggare ved sjukehuset i Ålesund. Pustestyrt strålebehandling for brystkreft gjer at for eksempel hjartet blir mindre utsett for unødvendig stråling.

Christer Jensen

Christer Jensen, fysikar ved sjukehuset i Ålesund, har bygga ei innretning for tryggare kreftbehandling.

Foto: Remi Sagen / NRK

Pustestyrt strålebehandling er ei svært ettertrakta behandling for mellom anna brystkreft. Utstyret er derimot for dyrt for dei fleste sjukehus i Noreg.

Det ville fysikar Christer Jensen gjere noko med. Han jobbar ved sjukehuset i Ålesund, og gjennom eit prosjekt snikra han eit eige system for pustestyrt strålebehandling.

Som ein legeverdas MacGyver gjorde Jensen rimelege produkt, eigentleg nytta til andre formål, om til kreftbehandling.

Videobriller og bygglaser

Om ei maskin for pustestyrt strålebehandling skulle kjøpast inn, hadde prisen blitt over 1,5 millionar kroner. I Ålesund har Jensen laga eit system til den nette sum av 25.000 kroner.

Utstyr: Videobriller brukt til dataspel, bygglaser som vanlegvis måler avstand til veggar, pleksiglas, eit spel, og ei dansk innretning som eigentleg blir brukt til å halde sigarettar.

– Men her brukar vi den til å halde laseren, meddeler Jensen.

Ida Fallmyr

Stråleterapeut Ida Fallmyr fortel at behandlinga forbetrar livskvaliteten til kreftpasientar seinare i livet.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Sparer risikoorgan

Den oppfinnsame fysikaren har dermed spart Ålesund sjukehus for svært store summar. Men det mest positive er at behandlingsmetoden er tryggare for pasientane.

I hovudsak gjeld det for pasientar med brystkreft, men på sikt også for pasientar med lungekreft.

– Det betyr at vi kan gi pasientane ei behandling der vi sparer risikoorgan som hjartet ytterlegare. Dette kan forbetre livskvaliteten seinare i livet, fortel stråleterapeut Ida Fallmyr.

For ein ioniserande stråle, som behandlar kreft, hoppar ikkje på magisk vis over visse delar av kroppen.

Strålen skal øydeleggje kreftvev, og med pustestyrt strålebehandling slepp ein altså å gå gjennom mellom anna hjartet (sjå bildet under).

Saka held fram under bildet.

Pustestyrt strålebehandling

Fysikar Christer Jensen viser korleis den sjølvutvikla pustestyrte strålebehandlinga fungerer. Når pusten blir haldt på rett måte, forflyttar hjartet seg, og dei ioniserande strålane treff berre kreftvevet.

Foto: Remi Sagen / NRK
Carl Magnus Aasland

Stråleterapeut Carl Magnus Aasland demonstrerer korleis behandlingsmetoden fungerer i praksis.

Foto: Remi Sagen / NRK

Held pusten på eitt punkt

Som ein kan sjå i videoen øvst, demonstrerer stråleterapeut Carl Magnus Aasland behandlingsmetoden. Når pasienten pustar inn blir brystkassa løfta slik at hjartet unngår stråling.

– Inne i videobrillene ser eg mi eiga pustekurve, og eg ser eit skjermbilde som er identisk med det vi stråleterapeutane kan sjå, fortel Aasland.

Når han så trekk inn pusten, kan han stoppe på eit visst punkt.

– Då kan stråleterapeutane byrje sjølve strålinga.

Saka held fram under bildet.

Pustestyrt strålebehandling

Her ser ein kurva, der pasienten held pusten på eit visst punkt mellom dei grøne linjene. Deretter kan strålebehandlinga starte.

Foto: Remi Sagen / NRK

Jobbar med vidareutvikling

Prisen er ein brøkdel av liknande avansert utstyr, og behandlingsmetoden fungerer.

No samarbeider sjukehuset i Ålesund med NTNU i Trondheim om å vidareutvikle utstyret og setje det i produksjon.

– Skal vi utvikle dette systemet til kommersielt sal, så vil nok prisen bli ein annan enn 25.000 kroner per eining. Då pratar vi nok om ei tidobling.

Likevel vil prisen vere overkomeleg for mange kreftavdelingar.

– Ja, det stemmer, avsluttar fysikar og oppfinnar Christer Jensen.