Hopp til innhold

Minikameleonar oppdaga på Madagaskar

Forskarar har funne fire nye artar av mini-kameleonar som er blant dei aller minste krypdyra i verda. Sjå biletgalleriet.

Madagaskar er kjent for å ha eit variert dyreliv, og her dukkar det frå tid til annan opp nye dyreartar som ikkje har vore skildra av vitskapsfolk før.

No har ei forskargruppe leia av Frank Glaw frå Zoological State Collection i München i Tyskland funne fire nye artar av dvergkameleonar på øya.

Øglene er berre nokre titals millimeter frå hovud til hale, og nokre av dei er så små at dei får plass på hovudet av ei fyrstikk.

Slår gekko-rekord

Fram til no er det to gekkoartar (Sphaerodactylus ariasae og S. parthenopion) som held rekorden for aller minste krypdyr.

Men no blir gekkoane utfordra av dei nye kameleonartane frå Madagaskar.

– Ein av dei, Brookesia micra, er så visst ein av dei minste krypdyra på kloden, skriv forskarane i artikkelen i PLoS One.

Dersom ein nyttar totallengda som mål vil Brookesia micra vere minst, hevdar forskarane. B. micra er berre 29 millimeter frå snute til haletipp, mens gekkoane har ei totallengde som er godt over 30 millimeter.

Ekstremt utslag av øy-dvergvekst

Brookesia micra
Foto: PLoS

Den svært beskjedne veksten av desse kameleonane kan vere eit ekstremt utslag av øy-dvergvekst, trur forskarane bak oppdagingane.

– Nokre dyr som har hovudutbreiing på fastland blir større av å flytte til øyar, men dei aller fleste dyr blir mindre, fortel krypdyrekspert Dag Dolmen ved Vitenskapsmuseet i Trondheim.

Madagaskar er kjent for fleire tilfelle av gigantisme, altså av at artar blir større, blant anna dei utdøydde elefantfuglane, gigantlemurar og gigantskjelpadder.

Men døme på dvergvekst blant artar på øya er meir vanleg, og inkluderer blant anna dei natteaktive muselemurane som er blant dei aller minste primatartane i verda, og også fleire artar av bitte små froskar.

Dolmen fortel at det kan vere lurt for artar å krympe, fordi mattilgangen og revirstorleiken også er mindre på ei øy enn på fastlandet.

Den aller minste kameleonen, Brookesia micra, er funne på øya Nosy Hara utanfor Madagaskar, og kan såleis vere eit døme på dobbel øy-dvergvekst.

Mens hovudøya har gitt grunnlag for utviklinga av minikameleonane Brookesia minima har dei så kunne utvikle seg vidare til den ekstreme dvergforma Brookesia micra på Nosy Hara.

Spesiell nisje

Dag Dolmen

Dag Dolmen.

Foto: NRK

Krypdyrekspert Dag Dolmen trur at dei bitte små kameleonane har funne si heilt spesielle nisje i økosystemet som ikkje var utnytta tidlegare.

– Det er kjent at dei minste artane av froskar lever i ei spesiell nisje der det løner seg å vere liten. Dei lever av små byttedyr, som midd eller bitte små insekt, seier Dolmen.

Han trur at desse ørsmå kameleonane også har spesialisert seg på liknande minibyttedyr.

Ulempa med å vere så liten er at du får større overflate i høve til volumet, noko som gjer dei ørsmå dyra svært utsette for uttørking.

Forskarane trur at dyra likevel klarar seg i det ubereknelege klimaet på Madagaskar på grunn av den relativt låge temperaturen i den tørre årstida, samtidig som øglene kan søke tilflukt under blad og i sprekker i jorda.

Trua av avskoging

Krypdyreksperten på Vitenskapsmuseet i Trondheim trur ikkje vi vil finne øgleartar som er veldig mykje mindre enn dette.

– Du skal jo ha plass til ein liten hjerne inni her, pluss hjarte, musklar og reproduksjonsorgan. Det er avgrensa kor mykje du kan få inn i eit lite virveldyr, seier Dolmen.

Forskarane bak oppdaginga trur at den ekstreme miniatyriseringa er mogleg på grunn av fleire spesialiseringar i måten kroppen er bygd opp. Dei ønskjer no å studere dette vidare.

– Men aller mest viktig er det no å ha fokus på å verne desse og andre dvergartar heimehøyrande på Madagaskar, som alle er sterkt trua av avskoging, seier Frank Glaw.