NRK Meny
Normal

Gjennomsiktig frosk funne

Ein gjennomsiktig frosk er blant fleire amfibieartar som er gjenoppdaga i jungelen i Kongo etter fleire tiår utan å bli sett.

På ein ekspedisjon til Kongo tidlegare i år gjenoppdaga eit team leia av professor Eli Greenbaum, fire froskeartar som ikkje har vore sett sidan 1952.

– Å gjenoppdage artar er viktig for å avgjere statusen til artane, og kunne setje inn riktige vernetiltak for å bevare dei. Det er også viktig i seg sjølv å vite kva for artar vi deler denne planeten med, seier Eli Greenbaum til NRK.no.

Blant artane forskarane fann att i jungelen, er den gjennomsiktige trefrosken Hyperolius leucotaenius. Frosken dukka opp å breidda av elva Elila i det søraustlege Kongo.

Huda på ryggen til trefrosken er så tynn at vi tydeleg kan sjå froskeegga som ligg inne i kroppen på den gravide hofrosken.

Hyperolius leucotaenius

Froskeegga er synlege gjennom huda til denne hofrosken av arten Hyperolius leucotaenius.

Foto: Eli Greenbaum

– Frosken ser gjennomsiktig ut fordi han har lite pigment i den tynne huda på ryggen. Fordelen med mindre pigmentering er at frosken nyttar mindre energi. Det kan også tenkjast at det er andre fordelar med å ha gjennomsiktig hud, men dette veit vi ikkje noko om, fortel Greenbaum som er professor ved University of Texas i El Paso.

Måltid var sjeldan frosk

Dei tre andre froskeartane som vart gjenoppdaga på ekspedisjonen var Hyperolius chrysogaster som held til i urørt skog nær Kahuzi-Biega nasjonalpark, ein ørliten frosk på storleiken med ein tommelfingernagl (Arthroleptis pyrrhoscelis), og høglandsfrosken Chrysobatrachus cupreonitens som har så unik biologi at han er den einaste frosken i si slekt.

Phrynobatrachus asper

Froskearten Phrynobatrachus asper vart gjenoppdaga som middagsmat i ein landsby på Itombweplatået i Kongo.

Foto: Eli Greenbaum

I tillegg til desse artane gjenoppdaga også Greenbaum ein femte froskeart i Kongo i 2009 på ein litt uvanleg måte.

Ved eit besøk i ein landsby på Itombweplatået i Kongo tilbydde landsbybuarane forskarane å kjøpe måltidet sitt. Måltidet, ein ganske stor frosk med kjøtfulle lår, viste seg å vere frosken Phrynobatrachus asper som ikkje var rapportert sett sidan 1951.

Med hjelp frå landsbybuarane fann forskarteamet froskens leveområde i jungelen.

- Ikkje for seint

– Våre oppdagingar stadfestar at desse jungelområda har vore lite utforska. Det er framleis mykje artsmangfald der, og det er ikkje for seint å auke innsatsen for å bevare artar, skriv Greenbaum på nettsida si.

Ekspedisjonen til jungelen i Kongo var del av ein innsats frå organisasjonen Conservation International for å sende 126 forskarar til 21 land for å leite etter 100 amfibium som ikkje har blitt sett på fleire tiår.

Amfibium verda over er trua av mange ulike faktorar, men dei to viktigaste faktorane er øydelegging av habitat som skuldast ei eksploderande menneskebefolkning, og ein soppinfeksjon som har spreidd seg over heile verda i løpet av dei siste tiåra.

– Soppen infiserer huda til frosken, og drep dei raskt. Sjukdommen har ført til utrydding av mange amfibieartar på berre dei siste 20 åra, fortel Greenbaum.

Slangar og kameleonar

Biologiprofessoren oppdaga også fleire ukjende artar på ekspedisjonen til Kongo, blant anna nye artar av frosk, øgler, kameleonar og slangar.

Greenbaum fortel at han vanlegvis oppdagar om lag 6-10 nye artar på kvar ekspedisjon han er på.
– Over dei siste 5 åra har eg oppdaga minst 40 nye artar, fortel Greenbaum.

– Det er eit kamp mot klokka å oppdage så mykje artsmangfald som mogleg før avskoging fører til at artar blir utrydda og forsvinn for godt, seier Greenbaum.