Hopp til innhold

Malariamyggen går etter tåfis

Feittsyrer skilt ut av bakteriar på føtene våre tiltrekker malariamygg. –Vi kan bruke denne kunnskapen til å lage feller for myggen, seier forskaren bak studien.

Malariamygg syg blod

Malariamyggen vil aller helst suge blod frå føtene dine. Forskarar har no funne ut korleis myggen finn fram dit.

Foto: Hans Smid

Malariamyggen føretrekk å bite på føtene til menneske. No har nederlandske forskarar funne ut korleis myggen finn fram til føtene våre.

Frå før er det kjent at den afrikanske Anopheles-myggen som er bærar av malariasmitten finn fram til menneske ved å gå etter pusten vår.

Malariamyggen er nemlig utstyrt med luktereseptorar som reagerer på karbondiksid, CO2, som blir skilt ut når vi pustar.

Blokkerer reseptorar

Lukteorgan hos malariamygg

Hovudet til ein malariamygg med lukteorgana; antenner, munn og proboscis (snabel).

Foto: Wageningen University

Likevel er det ikkje munnen eller ansiktet myggen går etter. Når ho-myggen har komme nært innpå mennesket er det altså føtene våre ho går til.

Nøyaktig kva som gjer at myggen brått skiftar mål frå munnen til føtene har vore ukjent, men forsking på kva lukter hos mennesket som triggar myggens lukteorgan har no gitt svaret.

–Feittsyrer som blir produsert av bakteriar på fotblada blokkerer CO2-reseptorane hos myggen, og aktiverer samtidig andre reseptorar, seier Remco Suer ved Universitetet i Wageningen i Nederland til NRK.no.

Suer har nyleg avlagt doktorgraden sin om dette emnet.

Eksperiment som er utført tyder på at CO2-reseptorane blir blokkert når myggen er omkring 1,6- 2 meter frå lukta, fortel Suer.

Noko som passar godt med at hos dei aller fleste av oss er føtene våre plassert i omkring denne avstanden frå munnen.

Lure myggen

Lukteorgan på munnen til malariamygg

Biletet viser lukteorgan på munnen til malariamyggen. I dette området sit reseptorane for CO2.

Foto: Wageningen University

Når vi veit mekanismane for korleis myggen luktar seg fram til offeret, kan vi bruke dette til å lure malariamyggen, seier Suer. Ved å setje ut to ulike luktfeller, den eine med CO2, og så ei felle med fotlukt i nærleiken av den første, kan vi fange myggen.

–Å ta i bruk slike luktfeller i kampen mot malariamyggen kan utgjere eit betre alternativ til bruk av insektmiddel, seier Suer.

Insektmiddel som til dømes DDT er svært verksame mot malariamyggen, men har også mange uønska effektar på miljøet.

– Det er likevel viktig å understreke at metoden med luktfeller ikkje vil virke åleine, seier Suer. For å nedkjempe malariamyggen treng vi også alle dei andre metodane som eksisterer i dag.

Suer har sjølv starta eit firma som arbeider med kontroll av sjukdomsbærande insekt fordi han har eit ønske om å bringe all vitskap inn på feltet.

Kan bli aktuelt i Europa

Preben Ottesen, avdelingsdirektør Folkehelseinstituttet

Trass i at malariamyggen alt finst i Noreg, treng vi ikkje frykte å få malaria her sjølv med aukande klimaendringar seier Preben Ottesen, avdelingsdirektør i for skadedyr ved Folkehelseinstituttet.

Foto: Anne Lene Solbakken

Kanskje kan luktfeller for malariamygg også bli aktuelt å bruke i Europa.

I følgje European Center for Disease Prevention and Control (ECDC) er det fare for at delar av Europa som tidlegarare har hatt malaria, kan få smitten tilbake med aukande klimaendringar.

Dette gjeld blant anna Italia, som vart erklært fritt for malaria i 1970, men som har opplevd fleire sjukdomstilfelle av malaria dei siste åra.

– Vi har allereie malariamygg i Noreg, fortel Preben Ottesen ved Folkehelseinstituttet. Likevel er det svært lite sannsynleg at vi får malaria i Noreg, då det trengst eit visst trykk i befolkninga for at sjukdommen skal bli overført til nye personar.