Hopp til innhold

Lovande MS-forsking: Har greidd å snu cellene som angrip kroppen

Britisk forsking gir nytt håp i kampen mot fleire sjukdommar som ikkje let seg kurere.

Tenk deg at ditt eige immunforsvar byrjar å angripe deg. Dei kvite blodcellene skulle eigentleg verne kroppen din mot virus og bakteriar.

I staden har cellene byrja å angripe nervesystemet ditt. Du mistar gradvis kontroll over musklane dine.

Dette er situasjonen for rundt 10.000 nordmenn som er ramma av MS. For nokon kan den autoimmune sjukdommen føre til lammingar og utmatting.

Men no har britiske forskarar fått lovande resultat med ein ny type behandling.

Dei har rett og slett greidd å snu dei kvite blodcellene, slik at dei igjen vernar kroppen slik dei skal.

Immunceller angriper myelinet som ligger rundt nervetrådene.

IMMUNCELLER TEK FEIL: MS er ein autoimmun sjukdom der kvite blodceller øydelegg belegget rundt nervetrådane.

Illustrasjon: selvanegra / Getty Images/iStockphoto

Angripar vernande lag

For å forstå korleis forskarane ved Universitetet i Birmingham har fått til dette, må vi fortelje meir om korleis MS oppstår.

Rundt nervetrådane i sentralnervesystemet vårt ligg det eit vernande belegg av protein og feitt som kallast myelin.

Plutseleg byrjar nokon kvite blodceller å oppføre seg unormalt. Enkelte såkalla T-celler oppfattar myelinet som ein trussel for kroppen, og prøver å øydeleggje det.

Immunsystemet feiltolkar altså myelin til å vere eit antigen for kroppen.

Den nøyaktige årsaka til at immuncellene våre plutseleg tek feil, er enno ikkje kjend. Men forskarar trur ein kombinasjon av arvelege faktorar og ytre miljøpåverknader kan utløyse MS.

Lærer cellene toleranse

Forskarane i Birmingham har gitt stadig større dosar med myelin til T-celler som angrip kroppen. Forsøket er gjort ved å sprøyte protein frå myelin inn i mus. T-cellene vart deretter undersøkte i laboratoriet.

Studien viser at injeksjonane over tid har lært T-cellene å tolerere myelinet.

Dosane med myelin-protein har programmert om genane. Immunsystemet gir ikkje lenger signala som får T-cellene til å angripe nervetrådane.

T-cellene har dermed vorte omskulerte frå å angripe til å verne, skriv dei to professorane Peter Cockerill og David C. Wraith.

I Storbritannia er det gjort korte innleiande forsøk, der metoden har vorte testa på MS-pasientar. Dei kliniske forsøka er ikkje over, men forskarane seier pasientar allereie har byrja å vise teikn på betring.

Myelin-belegget rundt nervetrådene ødelegges.

MYELIN-LAGET BLIR SVEKT: Ved MS angrip T-celler myelinet på nervetrådane i ryggrada og hjernen.

Illustrasjon: wildpixel / GETTY IMAGES/ISTOCKPHOTOS

Trur på betre behandling

MS er éin av rundt 80 ulike autoimmune sjukdommar. Opp mot 250.000 menneske er ramma av desse sjukdommane i Noreg. Fleire av sjukdommane let seg ikkje kurere.

Professor Eystein Sverre Husebye er leiar for K.G. Jebsen-senteret for autoimmune sjukdommar. Han meiner studien frå England er spennande, og at resultata gir håp om betre tider for dei som blir ramma av MS.

I dag blir behandla autoimmune sjukdommar ofte med immunhemmande medisinar. Problemet med desse medikamenta er at dei hemmar heile immunsystemet. Det gjer at folk kan bli meir mottakelege for kreft og andre infeksjonar.

Eystein Sverre Husebye

LEITAR ETTER NYE BEHANDLINGSFORMER: Professor Eystein Sverre Husebye leiar forskingssenteret i Bergen.

Foto: Ingvild Festervoll Melien / Universitetet i Bergen

– Antigen-behandlinga dei forskar på i Birmingham kan derfor bli eit elegant og viktig verktøy mot autoimmune sjukdommar, seier Husebye.

Med denne behandlinga unngår vi å påverke heile immunsystemet. Slik blir behandlinga både billegare, enklare og mindre inngripande for pasientane, seier Husebye.

Forskarane Cockerill og Wraith håpar at immunterapi basert på antigen kan få god effekt på fleire sjukdommar etter kvart.

Metoden der T-celler blir utsett for store mengder antigen har òg gitt positive resultat for pasientar med Graves sjukdom. Dette er ein autoimmun sjukdom som gir høgt stoffskifte.

Immuncelle

T-CELLE I MIKROSKOPET: Eit elektronmikroskop har teke eit fotografi av ei T-celle, også kalla T-lymfocytt.

Foto: NIAID, CC

Det er likevel mykje forsking som står att før antigen-behandling kan bli effektiv for fleire autoimmune sjukdommar.

Husebye peikar på at immunsystemet til menneske er mykje meir komplisert enn det er for mus som blir brukt i laboratorieforsøk. Vi menneske har mellom anna fleire ulike vevstypar, som varierer frå person til person.

Han trur derfor at behandlinga må bli ein cocktail av fleire ulike antigen-typar.

– Eg er likevel optimistisk, og trur at denne typen immunterapi kan bli effektiv behandling mot MS om fem til ti år, seier Husebye.