NRK Meny
Normal

Jaktar på havets superorganismar

Forskarane jaktar på mikroorganismane som kan bli nye kjelder til marine feittsyrer.

Marine mikroalgar i ei myriade av geometriske former lagar dei sunne marine omegafeittsyrene (sjå faktaboks).

Forskarane ved Universitetet i Tromsø jaktar no på dei mest effektive mikroskopiske feittsyrefabrikkane.

– Vi veit at når vi får ein større og større oppdrettsindustri, vil vi mangle nok av desse feittsyrene til å fore laks og andre artar i oppdratt med. Vi er nøydd til å finne nye kjelder til desse råstoffa, fortel professor Edel O. Elvevoll ved Universitetet i Tromsø til NRK Schrödingers katt.

Sjå innslaget i Schrödingers katt:

Video Jakt på havets superorganismar

Gul fluorescens

Tøffe leveforhold i nordlege havområde har gjort at algane har utvikla evna til å produsere mykje energi og mat frå feittsyrer, eller lipid.

Og nettopp desse eigenskapane er forskarane interessert i.

– Det vi ser etter er konsentrasjon av lipid i cellene. Vi nyttar kjemikaliar som bind seg til lipid i cellene, og som visast som ein gul fluorescens, fortel marinbiolog Gunilla Kristina Eriksen.

Ved å samanlikne storleiken av feittsyredropane med storleiken på cella, får forskarane vite kor effektiv den er som lipidprodusent.

Mikroalge med gule område som representerer feittsyrer.

Mikroalge sett i mikroskop. Dei gule områda representerer feittsyrer.

Foto: Gunilla Eriksen, Institutt for arktisk og marin biologi, Universitetet i Tromsø.

Set mikroalgar i avl

For å undersøke ulike artar av mikroalgar har forskarane henta vatn frå ulike område i Barentshavet og i fjordane i Nord-Noreg.

Mikroalgane som er aller dyktigast til å lage feitt, skal bli avlsoksar i forskaranes laboratorium:

– Vi set mikroalgar i avl. Vi skal bruke algar som har høg evne til lipidproduksjon for å produsere sunne omega-feittsyrer, fortel professor i arktisk og marin biologi ved Universitetet i Tromsø, Hans Cristian Eilertsen.

– Vi starta med mange hundre artar, og har jobba oss ned mot no 2–3 aktuelle artar, fortel han.

Mikroalge.

Trass den mikroskopiske storleiken er mikroalgane dei mest produktive organismane på jorda. Dei står blant anna bak 70 prosent av oksygenet i atmosfæren vår.

Foto: Richard A. Ingebrigtsen, Institutt for arktisk og marin biologi, Universitetet i Tromsø

Store algar ein fordel

Forskarane har sett etter mikroalgar som har rask vekst og stor produksjon av feittsyrer. Storleiken til algane har også vore viktig.

– Store artar er ein fordel ved industriell produksjon fordi dei gir meir biomasse i forhold til skalmengda, seier Eilertsen.

Han fortel at den største algen dei har avla fram faktisk er mogleg å sjå med det blotte auget dersom du har godt syn. Men du vil berre kunne sjå den som eit lite rusk.

Ideen er at algane skal produserast på store tankar før dei blir hausta, forelda og laga som pellets som så kan bli til for.

Men sjølv om Eilertsen og kollegaene er opptekne av mikroalgane som feittsyrefabrikkar, lar dei seg også fascinere av formene hos dei ørsmå skapningane:

– Når du først ser på en slik prøve, så ser du ingenting, dei er så små. Og så går du i mikroskopet og seier aha; det er fantastisk, her er symmetri og mønster. Og alle er forskjellige.

Sjå Schrödingers katt torsdag kl. 19.45 på NRK1.