Hopp til innhold

Fiskeoljeproduksjonen større enn nokon gong

Ved Orkla Helse i Ålesund har dei aldri levert så mykje foredla fiskeolje til matvareproduksjonen som i år.

FBI: Produksjon av fiskeolje

FISKEOLJE: Produksjonen av fiskeolje går betre enn nokon gong.

Foto: NRK

Sidan starten i 2008 er produksjonen av fiskeolje ved Orkla Helse dobla. Finanskrisa gjorde at produksjonen fekk ein treig start, men den tid er forbi. Store delar av råstoffet kjem frå torskelever og avfall etter aureslaktinga hos Fjordlaks som er næraste nabo.

No planlegg Orkla å bruke olje frå fleire norske fiskeslag. Finn Giske, fabrikksjef ved Orkla Helse, seier at det blant anna er gjort gode forsøk forskjellige pelagiske fiskesortar – deriblant sild.

– Vi kjem til å sjå nærmare på andre typar fisk også, seier han.

Ny olje til neste år

Men det er ikkje fastslått når vi kan sjå nye typar fiskeolje på marknaden og i matvareproduksjonen.

– Det er litt vanskeleg å seie, men eg håper og trur, med den produksjonen som er i gang, at vi i slutten av 2016 kan sjå at det kjem nye fiskeolje, seier Giske.

Dei nye fiskeoljene kan bli brukt på same måten som no – til blant anna kosttilskot, medisin og yoghurt. Giske fortel at den olja dei ser på no har litt andre eigenskapar enn den tradisjonelle.