NRK Meny
Normal

Russlandmeteoritten var involvert i tidlegare kollisjon

Tsjeliabinsk-meteoren hadde merke etter ein tidlegare kollisjon. Tre nye studiar gir nye detaljar ved det kraftigaste meteornedslaget på hundre år.

Ildkule over Tsjeliabinsk

Tre studiar gir ny kunnskap om meteoren som eksploderte over Russland i år.

Foto: Uncredited / Ap

Meteorittnedslaget over Russland i februar i år var det kraftigaste på hundre år, og sette ein støkk i både lokalbefolkninga i Tsjeliabinsk samt forskarar verda over.

No kjem dei første vitskaplege studiane av meteornedslaget.

I ein Science-studie og to studiar publisert i Nature samanfattar fleire internasjonale grupper av forskarar kunnskap om meteorens øydeleggingar på bakken og romsteinens opphav i verdsrommet.

– Det dei her har gjort er å presisere mykje meir nøyaktig hastigheit og fallvinklar, samt berekne storleiken meir nøyaktig enn før. I tillegg kjem det betre berekningar av trykkbølgja, seier førsteamanuensis Rune Selbekk ved Norges meteorittsamling ved Naturhistorisk museum.

Kvifor vi treng å vite meir om verdas mest dokumenterte nedslag blir oppsummert i ei setning av ein av forskarane:

– Viss menneska ikkje vil gå same vegen som dinosaurane, må vi studere ei hending som dette i detalj, seier professor Qing-Zhu Yin ved Department of Earth and Planetary Sciences ved UC Davis.

Studiane stadfestar også at Russlandmeteoritten er av den vanlegaste typen meteorittar, ein vanleg kondritt.

–Om eit katastrofalt meteorittnedslag skulle råke jorda i framtida, vil det mest sannsynleg skuldast eit objekt av ein slik type, seier Yin.

Hovudnedfallstad for Tsjeliabinskmeteoritten

Størstedelen av Tsjeliabinskmeteoritten falt ned i ein islagt innsjø.

Foto: Eduard Kalinin, Science /AAAS

Raskare enn tidlegare berekna

Den russiske forskaren Olga Popova har saman med Peter Jenniskens frå NASA Ames og SETI Institute leia ei internasjonal gruppe av 57 forskarar som står bak studien i Science.

Teamet sine berekningar og modellar viser at meteoroiden hadde ein storleik på 20 meter i diameter og ei masse på 13 000 tonn då han trefte atmosfæren med ein fart på like over 19 kilometer per sekund, noko som er litt raskare enn det som har vore rapportert tidlegare.

Saman med kollegaer har Popova besøkt 50 landsbyar omkring Tsjeliabinsk i vekene etter meteorittnedslaget, samt basert seg på dei mange videoane frå russaranes dash-bord-kamera for kalkulere eldkulas veg gjennom atmosfæren.

Dei fann at trykkbølgja frå eksplosjonen førte til øydeleggingar heile 90 kilometer unna på kvar side av meteorens bane.

Stadfesta meteorittfunn.

Stadfesta meteorittfunn. Tala indikerer eldkulas høgde over bakken.

Foto: Science/AAAS

Fordampa i 30 km høgde

Berekningane deira viser vidare at meteoritten fragmenterte i 30 kilometers høgde.

Studiar av steinfragmenta viser at meteoroiden har mange sjokkårer som stammar frå ein kollisjon steinen har vore gjennom for mange hundre millionar år sidan.

Snitt av Russlandmeteoritt

Snitt av Russlandmeteoritten som viser linjer eller 'sjokkårer' etter ein tidlegare kollisjon.

Foto: Science/AAAS

Desse sjokkårene har mest sannsynleg gjort at steinen gjekk raskare i oppløysing enn han elles ville gjort, trur forskarane.

Teamet estimerer at om lag tre fjerdedelar av meteoroiden fordampa på dette punktet, mens resten vart til ei glødande sky av støv, og berre ein ørliten del av steinen, om lag 4000- 6000 kilo, tilsvarande om lag 0,05 prosent av den totale massen, falt til bakken som meteoritt.

– At heile tre fjerdedelar av meteoren brann opp i atmosfæren tyder på at atmosfæren beskyttar oss svært godt, seier Rune Selbekk.

Største fragment av Tsjeliabinsk-meteoritten

Det største enkeltstykket som er funne av meteoritten vog 650 kilo, og vart funne på botnen av Chebarkul-innsjøen i oktober av eit team frå Ural Federal University.

Foto: Andrey Yarantsev, Science /AAAS

4,45 millionar år gammal

Kjemiske analysar og isotop-analysar av meteorittbitane viser at Russland-meteoren var 4,452 millionar år gammal, og at han har vore innblanda i kollisjonar tidlegare i historia.

Peter Jenniskens frå NASA har berekna at Russland-meteoren kan ha komme frå ei gruppe asteroidar i asteroidebeltet kalla Flora-familien.

Forskarar ved University of Tokyo og Waseda University i Japan fann imidlertid at steinen har vore utsett for kosmisk stråling i om lag 1,2 millionar år, noko som er uvanleg kort tid for steinar som kjem frå Flora-familien.

Jenniskens trur derfor at meteoren kan vere ein del av ein asteroide som er sett saman av ein haug steinblokker, og at denne vart delt opp for 1,2 millionar år sidan, kanskje også i ein tidlegare nesten-kollisjon med jorda.

– Resten av den steinhaugen kan enno sveve rundt der ute og utgjere ein del av nær-jord asteroidane, seier Jenniskens.

Sjå også Schrödingers katt Meteorittkveld