NRK Meny
Normal

Slik blir meteorittar til

Meteoroide, meteor og meteoritt – vi guidar deg gjennom meteorittens millionar år lange reise til jorda.

RUSSIA A local resident shows a fragment thought to be part of a meteorite collected in a snow covered field in the Yetkulski region outside the Urals city of Chelyabinsk

Meteoritten som falt ned over Tsjeliabinsk i Russland 15. februar i år blir vist fram av ein lokal innbyggjar.

Foto: NTB Scanpix

Kvar dag blir jorda treft av fleire hundre tonn meteorittar, alt frå små støvkorn til større steinar.

Dei aller fleste av desse, heile 99,8 prosent, kjem frå asteroidebeltet mellom Mars og Jupiter, og har brukt millionar av år på reisa gjennom verdsrommet til jorda.

Skapt av kollisjonar

Asteroidebeltet består av millionar av steinar, dei største større enn 100 km i diameter, mens dei minste berre er støvkorn.

Sjølv om asteroidebeltet i motsetning til populærforestillinga er svært sparsamt møblert, hender det likevel at asteroidar kolliderer med kvarandre slik at bitar blir rive laus. Viss bitane er under 50 meter breie blir dei kalla meteoroidar, mens alt over denne storleiken blir kalla asteroidar.

Ein meteoroide kan sveve rundt i millionar av år, før solas tyngdekraft får tak og trekkjer han mot seg.

Dersom meteoroidens bane kryssar jordas bane, vil han brake inn i jordas atmosfære med ein fart på mange gongar lydens hastigheit og bli ein meteor.

Stjerneskot og eldkule

Stjerneskudd

Stjerneskot over Voss.

Foto: Terje Nesthus

I møte med luftmotstanden i atmosfæren blir meteoroidens overflate glødande og det meste av romsteinen brenner opp.

Dei minste støvkorna er synlege som stjerneskot. Større meteorar, som den 20 meter breie romsteinen som eksploderte over Tsjeliabinsk i Russland i februar 2013, er derimot synlege som eldkuler.

Bitane som overlever den tøffe turen gjennom atmosfæren og treffer bakken i cirka 300 kilometer i timen, blir kalla meteorittar.

Mens dei aller fleste meteorittar stammar frå asteroidebeltet, hender det også i svært sjeldne tilfelle at steinar frå månen og Mars landa på jorda. Dette skjedde blant anna under eit meteorittnedfall i Marokko i 2012.

Tidskapslar frå solsystemets fødsel

Marsmeteoritten "Black beauty"

Marsmeteoritten med tilnamnet Black Beauty som fall ned over Marokko i 2011. Av om lag 36.000 meteorittar som er funne, er det berre 60 som er måne- eller Marsmeteorittar.

Foto: Carl Agee / NTB Scanpix

Meteorittar er så viktige for forskarane fordi dei inneheld materiale som knapt har endra seg sidan solsystemets fødsel.

Asteroidar blei opphavleg forma av støv og små partiklar som blei danna i ei roterande skive rundt sola.

Mens dette urstoffet har blitt smelta og omforma gjennom 4,5 milliardar år på vår eigen vulkansk aktive planet, har materialet i dei mest primitive asteroidane ikkje forandra seg sidan solsystemet vart danna.

Forskarane er spesielt interessert i dei mest primitive meteorittane, dei som har endra seg minst sidan solsystemet begynnelse.

Desse inneheld kondrular, runde kapslar av materiale som kondenserte i den tidlege skiva av gass omkring den nyfødde sola. Ved å studere kondrulane kan forskarane finne ut kor lenge støvskiva eksisterte, kva gassen bestod av og korleis skiva utvikla seg.

Ifølgje boka Meteoritter av Henning Haack inneheld dei eldste meteorittane materiale som er heile 4567,2 millionar år gammalt, noko som er mange hundre millionar år eldre enn dei eldste bergartane på jorda.

15 i Noreg

Meteoritt krasjet gjennom taket på hytte i Oslo

Meteoritt som krasja gjennom eit tak i Oslo i 2012.

Foto: Ingrid Vestre Haram / NRK

Tett vegetasjon, steinete landskap og skiftande klima gjer Noreg til eit vanskeleg land å finne meteorittar i. Men heilt umogleg er det ikkje å komme over ein skatt frå rommet.

I Noreg er det funne totalt 15 meteorittar. Tre av desse er funne dei siste 20 åra, og den aller siste registrerte meteoritten falt ned i Oslo i 2012.

Men det ligg garantert mange fleire der ute og ventar på å bli oppdaga.

Eit anslag seier at det fell ned 1 meteoritt per 15.000 kvadratkilometer per år, noko som svarar til 25 i året på eit område like stort som Noreg.

Meteorittar har som oftast ei svart smelteskorpe utanpå, og lysare stein inni. Dei fleste meteorittar er også magnetiske på grunn av eit stort innhald av jern og nikkel, og vil derfor gi utslag på ei kompassnål.

Viss du trur at du har funne ein meteoritt kan du ta kontakt med Naturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo.

Sjå også Schrödingers katt: Meteorittkveld på NRK1 og NRK2.