Hopp til innhold

Send eksperimentet ditt til rommet

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

NASA og YouTube lanserer romkonkurranse for ungdom der vinnaren får utført eksperimentet sitt 400 kilometer over jorda, og kan få oppleve å vere vektlaus.

YouTube, NASA, Space Adventures og pc-leverandøren Lenovo har lansert romkonkurransen YouTube Space Lab.

Den internasjonale romstasjonen

Den internasjonale romstasjonen, ISS.

Foto: NASA TV / AP

Dette er ein internasjonal konkurranse for ungdom mellom 14 og 18 år som går ut på å lage eit vitskapleg eksperiment som skal bli utført om bord i den internasjonale romstasjonen, ISS.

Videopåmelding

Deltakarane kan melde seg på enten individuelt, eller som ei gruppe på tre personar, og påmelding av forslaga blir gjort ved å laste opp ein video til YouTube Space Lab.

Dei seksti beste forslaga vil bli kunngjort 3. januar 2012, og av desse vil det bli vald ut to vinnarprosjekt som blir skotne opp til ISS der eksperimenta vil bli kringkasta live for ei heil verd via YouTube.

Eksperimentforslaga må vere innanfor biofag eller fysikk som er dei vitskaplege greinene som blir utført på romstasjonen.

– YouTubes Space Lab-konkurranse er ein flott og kreativ måte å nå ut til framtidas generasjonar av forskarar, på bakken og i rommet, seier Thomas Reiter i ei pressemelding frå ESA. Reiter er direktør for bemanna romfart i den europeiske romfartsorganisasjonen ESA.

Reiter meiner det er spesielt viktig å få unge menneske til å ikkje berre å sjå utfordingane som ligg i å utføre vitskaplege eksperiment i rommet, men også å sjå den enorme nytten rommet har for oss og samfunna våre.

Edderkoppar i rommet

Deltakarar kan hente inspirasjon blant dei mange eksperimenta som alt er utført på romstasjonen for å undersøke korleis alt frå edderkoppar til flammar blir påverka av vektlaus tilstand.

I det europeiske romlaboratoriet Columbus om bord på romstasjonen blir det uført ei mengde eksperiment innan grunnforsking og anvendt forsking i medisin, biofag, fysikk, geofag, jordobservasjon, astronomi og teknologi, samt utdannings og undervisingsprosjekt.

Edderkoppar har vore forsøksdyr på romstasjonen i tre omgangar, sist gong i vår 2011. Forskarane har blant anna studert edderkoppane si evne til å jakte og lage spindelvev blir påverka av vektlaus tilstand.

Også desse forsøka kunne elevar følgje live frå rommet.

Sjå YouTube-video av edderkoppane i rommet her:

Norske forskarar frå Plantebiosenteret ved NTNU er også representert i rommet med forsøk på planten vårskrinneblom.

Eksperiment på romstasjonen har også vist at ein flamme oppfører seg heilt annleis i vektlaus tilstand enn han gjer her nede på jorda.

Sjå video frå NASA her:

Kan vinne vektlaus-flyging

I tillegg til å få eksperimentet sitt skote opp med rakett til 400 kilometer over jorda, kan deltakarane også vinne ei uforgløymeleg oppleving – nemleg å bli vektlaus.

Seks regionale vinnarar får reise til USA i mars 2012 og får då oppleve å vere vektlause i ei såkalla parabelflyging.

Parabelflyging går ut på å fly opp og ned i ei skarp kurve. Flyturen er ikkje berre behageleg, men går også under namnet «Vomit Express» eller Spyekspressen, om du vil.

Dette må vere med

Alle presentasjonsvideoar må ha med dette:

  • Eit vitskapleg spørsmål som eksperimentet skal teste
  • Ei hypotese der elevane seier kva dei ventar å sjå i forsøket
  • Ei enkel forklaring av metoden som vil bli brukt for å utføre forsøket i vektlaus tilstand.
  • Forventa resultat av eksperimentet

Konkurransen er open fram til 7. desember 2011, og vi kan jo vere ubeskjedne nok til å ønskje oss eit norsk vinnareksperiment som vi kan følgje direkte frå rommet.

Dette kan kanskje bli like populært som 5-dagars direktesendinga frå Hurtigruta.