Hopp til innhold

Fly verda rundt på 60 sekund

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ein fantastisk video sett saman av stillbilete frå romstasjonen gir deg kjensla av å fly over jordkloden. Sjå videoen her.

Den internasjonale romstasjonen

Den internasjonale romstasjonen

Foto: NASA TV / AP

Har du drøymt om å sveve over jordkloden?

Ein video sett saman av naturfaglæraren Frank Drake gir deg eit inntrykk av korleis utsikten til jordkloden er frå den internasjonale romstasjonen, ISS.

Frå natt over Stillehavet til dag i Antarktis

Heile 600 stillbilete tekne frå den internasjonale romstasjonen er sett saman til ein eit minutt lang video.

Vi startar om natta over Stillehavet og flyr over Nord- og Sør-Amerika. På vegen ser vi lyset frå fleire store byar.

Lynglimt frå toreversskyer over Stillehavet lyser også svært tydeleg opp i mørket.

Ferda tek slutt i det vi når dagslyset ein stad nær Antarktis.

Dette er byar, land og landemerke som er synlege i videoen (i rett rekkjefølgje):

  • Vancouver Island
  • Victoria
  • Vancouver
  • Seattle
  • Portland
  • San Francisco
  • Los Angeles
  • Phoenix
  • Fleire byar i Texas
  • New Mexico
  • Mexico
  • Mexico City
  • Mexicogolfen
  • Yucatán
  • Guatemala
  • Panama
  • Colombia
  • Ecuador
  • Peru
  • Chile
  • Amazonas.

Den tynne gule linja vi ser over jordkloden er jordas ionosfære, den øvste delen av jordatmosfæren.

Database for astronautfoto

Bileta har Drake lasta ned frå nettstaden The Gateway To Astronaut Photography of Earth, som er ein database som inneheld bortimot alle bilete tekne frå rommet.

Bileta i databasen er søkbare på region og dato.

Drake har brukt gratis programvare kalla VirtualDub for å setje dei fleire hundre bileta saman til den flotte videoen.

For oss som ikkje har utsikt til å bli astronautar, er denne databasen ein fin sjanse til å sjå jorda frå ein annan vinkel enn det som er mogleg frå vår kjedelege ståstad på bakken.