Hopp til innhold

Foreldreomsorg kan visest igjen i hjernen

God foreldreomsorg og stimulerande leikar i barndommen gir tydelege spor i hjernen hos unge vaksne, viser ny studie.

Far og barn leiker

Foreldreomsorg og tilgang til stimulerande leikar spesielt ved fire års alder ser ut til å vere viktig for hjerneutvikling seinare i livet.

Foto: Colourbox.com

Jo meir stimuli i barndommen, jo meir utvikla hjerne vil barnet få som vaksen, viser ein omfattande studie gjort av amerikanske forskarar ved University of Philadelphia. Dette skriv The Guardian.

Studien viste også at den mest kritiske tida for barns hjerneutvikling er ved 4 års alder. Deltakarane i studien som hadde det beste oppvekstmiljøet ved denne alderen hadde meir utvikla hjernebork og betre språkforståing enn dei andre barna i studien.

Resultata vart nyleg lagt fram på det årlege møtet i Society of Neuroscience i New Orleans.

– Dette synest eg er eit svært interessant funn, seier professor i nevropsykologi ved NTNU, Audrey van der Meer, til NRK.no.

– Vi har lenge trudd at tidleg stimulering er svært viktig også for menneskebarns hjerneutvikling. Dette funnet kan vere beviset, seier van der Meer.

Registrerte leikar og foreldreomsorg

Det er kjent at erfaringar frå barndommen har innverknad på utvikling av hjernen, men det einaste beviset forskarane til no har hatt for dette er frå ekstreme tilfelle der barn har blitt misbrukt eller har opplevd traume.

Martha Farah som er leiar ved Senter for nevrovitskap ved University of Pennsylvania ville finne ut om eit normalt utval av barndomserfaringar også kunne påverke hjerneutvikling.

Farah og hennar kollegaer følgde 64 barn frå familiar med låg sosioøkonomisk status frå fødselen av, og fram til barna var i slutten av tenåra.

Då barna var 4 og 8 år gamle var forskarane heime hos dei og registrerte ei mengd detaljar frå livet deira for å måle kognitiv stimulans.

Blant anna registrerte forskarane kor mange bøker barna hadde, om dei hadde leikar som lærte dei om fargar, tal eller bokstavar, og om dei hadde musikkinstrument.

Kor mykje omsorg det enkelte barnet fekk frå foreldra sine i form av varme og støtte vart også målt.

– Tidlege år særskilt viktige

Då barna var mellom 17 og 19 år skanna forskarane hjernen deira. Resultata frå studien viste at utviklinga av hjernebarken seint i tenåra var nært knytt til barnas oppvekstmiljø då dei var fire år.

Foreldreomsorg og oppvekstmiljø ved andre aldrar hadde derimot ingen effekt, fann Farah og hennar kollegaer.

– Dette støttar verkeleg ideen om at desse tidlege åra er særskilt viktige, seier Martha Farah.

Hjerneskanning

Hjerneskanning som viser kva regionar i hjerneborken som hadde samanheng med stimuli i 4-årsalderen.

Foto: Brian Avants, University of Pennsylvania

– Vil bli folk av alle uansett

– Studien tyder på at eit stimulerande heimemiljø kan ha ein effekt på hjerneutvikling som kanskje er uavhengig av genetiske anlegg for betre hjernar, seier professor i psykiatri Andrea Danese ved King’s College London til The Guardian.

– Dette viser også den svært viktige rolla foreldre og omsorgspersonar har når det gjeld å utvikle kognitive, sosiale og kjenslemessige evner hos barn ved å sørgje for trygg og stimulerande samhandling med barna, seier han.

– Dette kan jo leggje litt meir press på foreldre ved at dei skal gi barna sine eit så rikt oppvekstmiljø som mogleg, seier Audrey van der Meer. Samtidig vil ho ikkje overdrive foreldras rolle:

– Så lenge vi foreldre er snille og gode mot barna våre, og så lenge vi unngår å la barna våre vekse opp utan noko som helst form for stimulering og interaksjon, så vil det bli folk av alle barn uansett, meiner ho.

– Tidleg stimulering er kanskje ikkje så viktig for friske barn med foreldre som intuitivt veit kva som er riktig for barns utvikling, men er desto viktigare for barn som ikkje utviklar som dei skal på grunn av hjerneskade. Her er det mykje å hente, særleg i dei første leveåra, trur Audrey van der Meer.